Miljøagentane vann Nordisk råds miljøpris

At Miljøagentane gir barn meistringskjensle gjennom moglegheita til å engasjere seg og bli høyrt i klima- og miljøspørsmål, var blant grunnane til at dei vann prisen.

Ragnhild Marie Kjosbakken
Publisert

Denne saka er skriven av søsteravisa vår, Framtida Junior.

Nordisk råd er eit samarbeid mellom landa i Norden. Det er Noreg, Sverige, Danmark, Finland, Island, Færøyane, Åland og Grønland.

Kvart år deler Nordisk råd ut ein miljøpris. I år skulle prisen gå til nokon som spreier kunnskap blant barn og unge om klima- og miljøspørsmål.

Miljøagentane

Miljøagentane er barna sin eigen miljøorganisasjon, og jobbar for at alle barn som har meiningar om klima og miljø skal bli høyrde av beslutningstakarar.

I år gjekk prisen til Miljøagentane – ein miljøvernorganisasjon for barn.

– Organisasjonen sin evne til å skape håp og tru på ei betre framtid, blir sett på som svært viktig no som mange barn og unge opplever uro og bekymringar rundt miljø- og klimautfordringar i verda, skriv juryen i grunngjevinga si.

Dei trekkjer også fram at miljøagentane når ut til mange barn og unge. Organisasjonen har 10 000 medlemmar og fleire lokallag over heile Noreg. I tillegg arbeider dei gjennom digitale kanalar som når breitt.

– Vi er stolte og glade for at det fantastiske arbeidet til dei nesten 10 000 medlemmane rundt om i heile landet blir lagt merke til. Barn skal bli høyrde, og i Miljøagentane gir vi dei ei plattform til dette, seier Signe Lindbråten frå Miljøagentane i ei pressemelding.