Skulen måtte stenge på grunn av flaum – no kjempar Casmai (17) for klimaet

Unge på New Zealand hadde sitt eige «klimatoppmøte». Dei ber politikarane lytte til unge.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

– Eg budde ved Karori for nokre år sidan, og hugsar at det var ein flaum som blokkerte tunnelen, slik at skulen min blei stengd i tre dagar. Vi kunne ikkje gå på skulen, og det påverka læringa mi og alle rundt meg. Klimaendringane spelte definitivt ei rolle.

Det fortel Casmai i ein video til Framtida. Ho er 17 år og bur i Wellington på New Zealand. I slutten av september var ho ein av ungdomsambassadørane frå Generation Hope som arrangerte Aotearoa Youth COP, ungdommens klimatoppmøte på New Zealand.

Casmai fortel at heimstaden Wellington er spesielt utsett for klimaendringar, sidan det er ein kystby.

Aotearoa Youth COP

  • Arrangert av Redd Barna New Zealand som ein del av ungdomsprogrammet Generation Hope.
  • Samlar unge i alderen 14 til 20 år for å lære meir om klimaendringar, få kontakt med andre unge og utforske korleis dei kan vere med på å forme avgjerdene som påverkar framtida deira.
  • I 2026 vart Youth COP arrangert i Auckland 19. september.

 

– Det stigande havnivået og flaumar påverkar oss særleg.

– Eg synest det er veldig viktig å inkludere unge stemmer, fordi det er vår framtid vi snakkar om, seier Casmai. Foto: Save the Children New Zealand

Youth COP

Neste veke samlar verdsleiarar og avgjerdstakarar seg i Antalya i Tyrkia for det årlege klimatoppmøtet i regi av FN, COP31. Noreg er eitt av landa som sender ungdomsrepresentantar til klimatoppmøtet, og som er til stades med unge representantar frå sivilsamfunnet.

På New Zealand har ungdommane samla seg for sitt eige klimatoppmøte for tredje året. Målet er å overlevere ei erklæring til dei newzealandske styresmaktene før dei drar til Tyrkia på COP31.

Casmai synest Youth COP er ei viktig plattform for unge stemmer, og for å få folk til å lytte til dei unge.

– Eit veldig viktig sitat eg kom over i dag, er at viss du ikkje lagar maten, er du på menyen. Så la oss unge lage maten!

Treng betre infrastuktur

Casmai bur i Wellington, men er frå India. Der ser ho klimaendringane påverke området tydeleg. Ho trekker fram nabolandet Nepal, der ein isbre kollapsa i september og førte til ein massiv flaum som tok livet av fleire tusen menneske. I etterkant bad Nepals utanrikminister om 20 millionar i klimakompensasjon.

– Det er noko som skjer i dag, ikkje i morgon. Mange eg kjenner, som bur i nærleiken av meg, folk som bur berre ein time unna meg, slit på grunn av klimaendringane. Dei opplever hungersnaud og flaum. Det er er veldig reelt, og grunnen til at eg er så oppteken av det, seier Casmai.

Ho meiner det er viktig å betre infrasturkturen i Wellington, og at skulane bør ha betre planar for naudsituasjonar.

– I tillegg til å ha ungdom i sentrum for alle desse sakene og lytte til oss.

Aotearoa Youth COP samla i 2026 over 80 unge frå heile New Zealand i Auckland. Foto: Save the Children New Zealand

Hetebølgjer og isbresmelting

Gjennomsnittstemperaturen på New Zealand har stige med 1,36 grader sidan målingane starta i 1909, skriv The Guardian. Dei viser til rapporten «Our Atmosphere and Climate 2026», som blei lansert i oktober. Ifølgje rapporten har sju av dei ti varmaste åra som er registrert vore det siste tiåret.

Rapporten åtvarar om at New Zealand kan bli råka av hyppigare og meir intense hetebølgjer og katastrofale isbresmeltinger i nær framtid, ettersom klimagassnivåa når rekordhøge nivå. New Zealand har om lag 3000 isbrear. Dei har ifølgje rapporten krympa i volum frå 56 kubikkilometer i 1997 til 30 kubikkilometer i 2023.

 

New Zealand

  • New Zealand uavhengig stat i Oseania i det sørvestlege Stillehavet.
  • Offisielle namn: New Zealand (engelsk), Aotearoa (maori)
  • Består av tre hovudøyer: Nordøya (North Island), Sørøya (South Island) og Stewart Island sør for Sørøya, og fleire hundre mindre øyer.
  • Hovudstad: Wellington
  • Landareal: 263 310 km²
  • Innbyggartal: 5,3 millioner (2024)

Kjelde: Store Norske Leksikon

 

Rapporten viser at klimagassar har auka til rekordnivå i New Zealands atmosfære.

New Zealand har under Parisavtalen som mål å kutte klimautsleppa sine med 50 prosent samanlikna med 2005-nivået innan 2030 og med 51-55 prosent innan 2035, skriv kringkastaren RNZ. Dei viser til prognosar frå Climate Action Tracker (CAT), som indikerer at New Zealand politikk er «utilstrekkeleg» for å nå 2030-målet utan kjøp av klimakvotar i utlandet.

Klimaminister Simon Watts seier likevel til RNZ ​​at dei siste utslippsprognosane tyder på at New Zealand er på veg til å nå sine to første utsleppsbudsjett og klimamålet for 2050 (netto nullutslepp).

Vanskelegare kvardag

– I mitt lokale Waikato-samfunn ser eg at det påverkar New Zealand mykje, seier Generation Hope-ambassadør Chunwa om klimaendringane.

17-åringen er frå byen Hamilton. I meir rurale strøk, gjer tørke det vanskelegare for bønder å dyrke avlingane sine og halde fram med levebrødet sitt.

– Eg ser korleis det skadar desse menneska og hindrar dei i å få dekt sine grunnleggande behov. Generelt har ein auke i flaumar på New Zealand ramma mange. Dei kan øydelegge heimane deira, føre til at folk blir skada, øydelegge infrastuktur og gjere det vanskelegare for folk å kome seg gjennom kvardagen.

Chunwa understrekar at klimaendringane ofte påverkar dei mest sårbare i verda, og at det ofte er dei som har minst med klimaendringane å gjere. Under Youth COP lærte ho om konsekvensane klimaendringane har for øystaten Vanuatu.

– Vanuatu betalar ein høg pris for klimaendringar, sjølv om dei bidrar til mindre enn 1 prosent av karbonutsleppa. Det viser berre korleis folk som ikkje gjer noko gale, er dei som må lide.

Chunwa engasjerer seg i klimakampen fordi ho har sett korleis klimaendringane påverkar folk i lokalsamfunnet hennar og dei mest sårbare i verda. Foto: Save the Children New Zealand

Etterlyser betre opplæring

Chunwa meiner det ville hjelpt om folk fekk betre opplæring i kva klimaendringar er.

– Ofte høyrer vi ordet og tenker på det som noko fjernt som vil skje med oss ​​i løpet av dei neste ti eller tjue åra. Men mange innser ikkje at klimaendringer påverkar oss aktivt i dag.

Under Youth COP var eitt av dei store temaa korleis ungdom kan bidra i møte med klimakrisa.

– Personleg trur eg at ein god måte å takle klimaendringar på faktisk er å involvere unge menneske. Det er vi som er framtida, og det er vi som kjem til å bere byrda av eventuelle problem som oppstår på grunn av klimaendringar.

Chunwa meiner det er viktig at unge engasjerer seg aktivt, får opplæring om klimaendringar og får vere med å påverke myndigheitenes klimapolitikk.

– Fordi dette er vår verd, og det er vi som må fikse den.