I dag blir Spotifys lydboktilbod lansert i Noreg

Premium-brukarar får tilgang til eit utval på over 350 000 lokale og internasjonale lydboktitlar.

NPK-NTB
Publisert

Strøymetenesta kunngjorde på bokmessa i Frankfurt førre veke at lydbøkene ville nå eit globalt publikum innan utgangen av 2026. Med den internasjonale utrullinga som har gått føre seg, har ein auka frå 22 marknader til over 180.

Og torsdag kom beskjeden for norske kundar. Norske Spotify Premium-brukarar får tilgang til eit utval på over 350 000 lokale og internasjonale lydboktitlar som ein del av abonnementet sitt, ifølgje pressemeldinga frå strøymetenesta.

Det gjeld for 12 timars lytting i månaden – medan dei kan kjøpe 20 timar til for 99 kroner.

Sidan lanseringa for tre år sidan har talet på månadlege lydboklyttarar på Spotify auka med nærare 40 prosent globalt, medan talet på lyttetimar har auka med over 30 prosent, opplyser strøymetenesta.

Blant dei norske forlaga som er representerte, finn vi Vigmostad & Bjørke, inkludert Bladkompaniet, Bonnier Norsk Forlag, Bokbasen, Kagge og Saga Egmont.

– Fleire lyttarar betyr fleire moglegheiter for forfattarar, fleire historier og ein sterkare norsk bokmarknad. I Bonnier har vi sett korleis Spotify har bidrege til å introdusere bøker for nye målgrupper i marknader som Storbritannia, Tyskland, Sverige og Finland, seier Alexander Even Henriksen i Bonnier Norsk Forlag.

– Vi gler oss til å få endå ein aktør inn på den norske bokmarknaden, slik at vi kan spreie fleire bøker til fleire folk. Frå andre land har vi høyrt at Spotify engasjerer nye grupper lyttarar, og det synest vi er spennande, uttaler Tuva Ørbeck Sørheim, forlagssjef i Kagge.

Ho lovar forfattarane til forlaget «same vilkår som i andre strøymetenester».