Gruveselskapet Nordic Mining varslar mogleg konkurs
Trass i omfattande forsøk har ikkje selskapet som driv ei gruve ved Førdefjorden klart å sikre nok tilgjengelege pengar på kort sikt.
Nordic Mining ASA åtvarar om at selskapet kan bli nøydt til å krevje seg konkurs dersom det ikkje lykkast å sikre kortsiktig likviditet.
Det kjem fram av referatet frå den ekstraordinære generalforsamlinga i selskapet i ei børsmelding tysdag.
Styreleiar Kjell Roland opplyste på generalforsamlinga at selskapet trass i omfattande forsøk ikkje har klart å sikre tilstrekkeleg kortsiktig likviditet.
– Dersom inga løysing finst, vil det einaste attverande alternativet for styret vere å innleie konkursbehandling, heitte det frå styreleiaren.
Dårleg tid
Styret opplyser at det framleis utforskar moglege løysingar for å dekkje det omgåande likviditetsbehovet til selskapet, og at selskapet har svært avgrensa tid til å nå ei slik løysing med interessentane sine.
Selskapet skreiv i innkallinga til generalforsamlinga at noverande gjeldsnivå ikkje er berekraftig.
Ved utgangen av juni hadde selskapet ei samla gjeld på 250 millionar dollar. I tillegg vil selskapet hente 80 millionar dollar ved utferding av nye aksjar.
Varsla restrukturering
Selskapet varsla i august at opptrappinga av drifta ved Engebø gjekk tregare enn planlagt, og 22. september varsla styret restrukturering. Dagen etter rasa aksjen 41,6 prosent. Så langt i år har aksjekursen falle 95 prosent.
Aktivistar frå Extinction Rebellion låste seg tysdag fast ved transportbandet til Nordic Mining i Vevring.
Aksjonen var retta mot planane til selskapet om å dumpe titals millionar tonn gruveslam i Førdefjorden.
Ikkje påverka produksjonen
Otto Søberg, mellombels administrerande direktør i Nordic Mining, sa til NTB at demonstrantane ikkje hadde påverka tryggleiken til dei tilsette og heller ikkje produksjonen.
– Produksjonen har i dag hatt full stogg for eit lenge planlagt vedlikehald, og demonstrasjonane er over i løpet av dagen ifølgje politiet, sa Søberg tysdag.
Ifølgje Søberg hadde selskapet hatt gode og konstruktive dialogar med långivarar, eigarar og andre sentrale aktørar før den ekstraordinære generalforsamlinga.






