To veker i senga kan gjera unge 50 år eldre

To veker i sjukesenga eller to inaktive veker kan gjera unge 40-50 år eldre.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kan gjera unge 50 år eldre på to veker

Eit dansk forsøk viser at 14 dagar med inaktivitet hos unge reduserer muskelstyrken så mykje, at han minner om muskelstyrken hos ein person som er opp mot 50 år eldre. Det skriver Københavns Universitet i ei pressemelding.

– Forsøket vårt viser at etter 14 dagar med det eine beinet i skinne mistar dei unge opp mot ein tredjedel av muskelstyrken deira. Ein ung mann, som blir immobilisert i 14 dagar, mistar muskelstyrke i beinet tilsvarande at han blir 40-50 år eldre«, seier Andreas Vigelsø, forskar ved Center for Sund Aldring og Biomedicinsk Institut ved Københavns Universitet, i pressemeldinga.

LES OGSÅ:Fem millionar sofagrisar døyr kvart år

Forsøket viste at dei unge i gjennomsnitt mista 485 gram muskelmasse i eit immobilisert bein etter 14 dagar med inaktivitet. Forsøket viste òg at kondisen blei mykje dårlegare.

Etter forsøket på 14 dagar blei forsøkspersonane sett til å trena på sykkel tre til fire gongar i veka i seks veker for å vinna att styrken. Det viste seg at det òg måtte til styrketrening for å koma tilbake til utgangspunktet.

– Det er interessant at tapet av muskelmasse ved inaktivitet går hurtig og faktisk tar det tre gonger så lang tid å koma tilbake til utgangspunktet. Det kan skuldast, at når me er inaktive, så er det alle dei 24 timane i døgnet, seier forskaren Martin Gram.

LES OGSÅ:Ungdom med fysikk som 70-åringar