Klonar program og spel med KI – Kan vere lovleg
Internettbrukarar nyttar KI til å slå saman videospel og gjere Photoshop gratis. For dei største selskapa kan det vere ein bagatell, men for nyoppstarta selskap kan det vere ei katastrofe.
– Ting ein ikkje hadde tenkt på for ein månad sidan, er det plutseleg nokon som har gjort.
Det seier Torger Kielland, professor i juss ved Universitetet i Bergen, på telefon til Framtida.no. Han forskar på immaterialrettar og informasjonsteknologi.
Dei siste vekene har du kanskje sett videoar av brukarar som ved hjelp av KI har slått saman videospel, og til dømes speler ei blanding av Minecraft og Skyrim.
I actually can't believe this is real… pic.twitter.com/U1WRqKqqLG
— chasm (@chasmmmmmmmmmmm) September 29, 2026
Andre, som plattforma ArtCraft, har nytta KI for å lage gratis klonar av dataprogram som Adobe Photoshop og Premiere.
Dette ville tidlegare tatt månadsvis, men med kunstig intelligens kan programmerarane gjere det på rekordtid.
Kva skjer?
Litt forenkla er det to måtar å lage «KI-klonar» på:
Anten kan ein, ved hjelp av kunstig intelligens, sjå kva programmet gjer, og så få KI til å skrive ny kode som gjer det same. Det kan vere lovleg.
Eller så kan ein nytte KI til å gjere det som heiter dekompilering. Å dekompilere for å lage ein klon er ikkje lov.
Kva er dekompilering?
Kort forklart tyder dekompilering at dataprogram gjerast om til kode som eit menneske (eller kunstig intelligens) kan lese.
Har ein den dekompilerte koden, er dette eit godt utgangspunkt for å lage ein kopi av det originale programmet.
Å dekompilere kode har vore mogleg lenge, men det har tatt lang tid. Ved hjelp av KI kan det gå raskare, og vere tilgjengeleg for fleire.
Kan vere heilt lovleg
– Det korte svaret er at det avheng av korleis programmet er blitt til og kva det inneheld, men at slike KI-klonar i mange tilfelle vil kunne vere lovlege, seier jussprofessoren.

Torger Kielland er professor ved Universitetet i Bergen. Foto: Eivind Senneset.
Kielland seier det kan vere lovleg både for dei som lagar klonane, og dei som nyttar dei.
– Det ser ikkje ut som «klonane» av til dømes Photoshop har kopiert koden til programmet. Og det vil då vere lovleg for andre å nytte programmet.
Det er også lovleg å spele to spel som er slått saman, om ein eig begge spela.
– Men om ein då sel det som eit nytt spel, vil det vere ulovleg. På same måte vil videoar frå ein hybrid av to spel kunne vere opphavsrettsbeskytta, og vil krevje samtykke frå rettigheitshavar.
Selskapa er ikkje bekymra
– Eg har prøvd fleire av programma på ArtCraft, mellom anna PhotoCraft (basert på Adobe Photoshop) og PdfCraft (basert på Adobe Acrobat). Mitt inntrykk er at dei fungerer, men at dei er litt uferdige, skriv Kielland til Framtida på e-post.
Han seier han ikkje trur Adobe føler seg spesielt trua.
– Altså, i alle fall når eg ser desse ArtCraft-programma, så trur eg ikkje Adobe og andre er så veldig bekymra. Rett og slett fordi dei sel meir enn berre det programma kan gjere. Dei sel eit økosystem, dei sel service og support, seier han.
Likevel trur han ikkje selskapa berre kjem til å sitte stille og sjå på.
– Dei vil nok slå hardt ned på nærgåande varemerkebruk. Til dømes bør ein vere forsiktige med å seie at programmet sitt er «som Adobe sitt program».
Spelverda er skaka
Medan dei store selskapa kanskje lev godt med endringane, kan det råke mindre selskap hardt.
– Høve til å klone kva eit program kan gjere, er nok eit større problem for oppstartsselskap. Om potensielle konkurrentar kan kopiere eins eigen funksjonalitet på eit par veker, så har ein mykje mindre tid enn det ein normalt sett har hatt til å etablere sitt produkt, seier Kielland.
Dette har vist seg å vere tilfelle for fleire mindre spelselskap den siste tida.
Eit nyleg døme er spelet Needle In A Haystack Simulator, eit spel om å finne ei nål i ein høystakk. Det gjekk viralt, men har no så mange klonar at det er vanskeleg å finne originalen.
Kotaku skriv at kloningane byr på store utfordringar for små spelselskap som ikkje har råd til å gå til sak mot kopiar.
This is genuinely so fucked up. Ya'll don't even know the can of worms that's been opened recently with decompiling and game crossover.
Everything is open sourced. Everything can be stolen in a day. We're absolutely not ready and it's gonna be BAD.
I can tell you this will most… https://t.co/Dlk7g3VPPA
— Delrith (@CtrlAltDelrith) October 17, 2026
Fleire spår no at denne teknologien kan bety at små selskap må halde utviklinga av spel hemmeleg før spelet er heilt ute.
Loven heng med
Likevel held loven i det store og det heile med på utviklinga, meiner Kielland.
– Vi spøker med at ein i opphavsretten framleis jobbar med rettsreglar utvikla for trykkepressa. Og det gjer ein jo, men det er også slik at ein har generelle regler for ny teknologi òg.
Det er med andre ord ingen grunn til å frykte anarki av framsteg i kunstig intelligens.
– Men sjølvsagt, alt klarer ein ikkje ta høgde for, og då er det sjølvsagt naudsynt å oppdatere regelverket, avsluttar Kielland.






