– Eg synest det er skuffande, eg er ikkje fornøgd i det heile tatt.
Det er dommen Sosialistisk Ungdom-leiar Sara Ude Hasle fell over statsbudsjettforslaget regjeringa la fram onsdag føremiddag.
– No har vi hatt ein rekordvarm sommar med fleire hetebølger som har tatt livet av fleire tusen menneske, og så gjer regjeringa det dyrare å velje miljøvenleg. Eg synest det er kjempeskuffande at ein aukar kollektivprisane, slik ein får 160 spenn dyrare månadskort.
Når moderpartiet SV skal inn i budsjettforhandlingar med regjeringa, er det nettopp billegare månadskort SU håpar dei skal få gjennomslag for.
I samband med revidert nasjonalbudsjett tidlegare i år, blei dei raudgrøne partia samde om å kutte prisane på månadskort med i snitt 160 kroner, men det er ikkje lagt inn pengar til å vidareføre det i budsjettforslaget.
– Trur du dei legg opp til at de skal få gjennomslag for det i forhandlingane?
– Eg håpar det, men eg synest det er ein litt slu taktikk frå Ap i utgangspunktet – å gjere budsjettet ganske ræva, så vi må bruke mykje tid på å rydde opp i det, og får mindre tid til andre ting.

Sara Ude Hasle er ikkje fornøgd med regjeringas budsjettforslag. Foto: Sosialistisk Ungdom
– Litt over ei baconpølse
Hasle er heller ikkje nøgd med forlaget om å redusere inntektsskatten med 6,4 milliardar kroner i neste års budsjett.
– Eg synest det er urovekkande at dei gir 83 spenn i skattelette i månaden til dei som tener under 500 000. Det er litt over ei baconpølse, på ein måte!
På den positive sida synest Hasle det er bra at studiestøtta blir knytt til grunnbeløpet i folketrygda, kjent som «G».
– Men det er også eit gjennomslag som SV fekk for ei stund sidan, så det er jo berre ei oppfølging av det. Men elles er eg eigentleg veldig skuffa. Det går til helvete på klima.
Regjeringa vil kutte støtta til Enova med 3,8 milliardar kroner. Enova er eit statleg føretak som arbeider for Noregs omstilling til eit lågutsleppssamfunn.
– Det er kritisk, seier Hasle.
– Tør ikkje røre oljenæringa
Grøn Ungdom-leiaren er heller ikkje fornøgd med klimaprioriteringane i statsbudsjettet.
– Det er akkurat så dårleg som eg trudde at det skulle bli, seier Henriette Sjursen-Eriksen på telefon til Framtida.no.
– Dei kuttar for lite utslepp og kuttar ned på fleire av MDG sine viktige gjennomslag, som støtta til Enova. Dei har ingen nye forslag til korleis vi skal klare å nå klimamåla våre, og tør framleis ikkje røre oljenæringa, så det er jo skuffande.
Når MDG skal forhandle med regjeringa, er klimakutt og oljenæringa det Sjursen-Eriksen vil moderpartiet skal prioritere.
– Noreg klarar ikkje å nå klimamåla sine utan å gjere noko med oljenæringa.

Henriette Sjursen-Eriksen er leiar i Grøn Ungdom. Foto: Grøn Ungdom
Ansvarleg styring
I ei pressemelding uttalar klima- og miljøminister Sigrun Aasland (Ap) at Klima- og energifondet er historisk høgt, og at det i ei tid med strammare økonomiske rammer er viktig å «prioritere og styre ansvarleg».
– Fondet er av betydeleg storleik blant anna takka vere høge innskot over fleire år. Dette gir Enova rom og føreseielegheit til å gjennomføre satsingar over tid. Det er store behov i det norske samfunnet, og kutta til Enova er eitt av fleire vanskelege, men naudsynte val, uttalar ho.
Regjeringa trekker elles fram at planane om å trappe opp CO₂-avgiftene ligg fast. I statsbudsjettet føreslår regjeringa å auke fullmakta til å kjøpe klimakvotar frå 15 til 26,1 milliardar kroner.
– Det er framleis risiko for at vi ikkje når klimamåla. Difor styrkar regjeringa både arbeidet med å redusere nasjonale utslepp, og samarbeidet for å kutte utslepp internasjonalt, uttalar Aasland.
– Heilt idiotisk dumt
GU-leiaren kallar forslaget eit grått, usolidarisk og kjedeleg budsjett. Ho trekker fram kutt i bistand og at regjeringa legg opp til å ta imot 100 kvoteflyktningar i 2027.
– Dei legg seg på eit nivå som er skammeleg lågt for Noreg å vere. Då Sylvi Listhaug var innvandringsminister, tok vi imot 3000 kvoteflyktningar, og no med ei arbeidarpartistyrt regjering tar vi imot 100. Det er jo eigentleg ikkje til å tru. Det er rekordmange folk på flukt. Dette held verkeleg ikkje!
Ho reagerer også på at regjeringa vil kutte i stipendet til dei som går på folkehøgskule frå 40 til 15 prosent.
– Det er eit heilt idiotisk dumt, kjipt forslag som dei overhovudet ikkje trong å gjennomføre.
Også i fjor forsøkte regjeringa å kutte i stipendet, men det vart reversert i forhandlingane.
– Dei prøver vel berre å gjere det vanskeleg for oss snille partia å forhandle med dei.
– Sniksentralisering
– Det som forundrar meg er at Arbeidarpartiet med pinsettpresisjon tar ut veldig viktige desentraliserte tiltak. Det er ei enorm sniksentralisering som føregår, seier Nils Forren på telefon til Framtida.
Senterungdomsleiaren reagerer mellom anna på kutt i pengar til breibandsutbygging og ei ny postreform.
– Bur du lengst unna alt, så skal dei ikkje bygge ut internett til deg, og no skal du heller ikkje få postombering meir enn éin gong i veka. Det er den heilskapen der, seier han oppgitt.
Jegerane er ei gruppe som står Senterungdommen nært, og nokon dei vil kjempe for når Senterpartiet skal forhandle med regjeringa om budsjettet. Forren er ikkje nøgd med at Ap tar omkamp om våpenavgifter.
– Det å kjøpe seg eit gevær skal bli relativt mykje dyrare. Og så vil dei kutte rovdyrtiltak med 30 millionar kroner.

Nils Forren er leiar i Senterungdommen. Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg
At yrkesfagelevane får sponsa halve førarkortet meiner Forren er eit steg i riktig retning.
– Det synest eg er positivt og nesten litt overraskande. Det er bra, men ikkje godt nok. Det er framleis dyrt å gå studiespesialiserande utanfor Oslo, dei treng framleis førarkort.
Framtida.no har også forsøkt å nå Raud Ungdom-leiar Alexandra Fredwall, men har ikkje fått svar.