Mindre leksehjelp og sponsa førarkort – slik påverkar statsbudsjettet deg som ung

Om regjeringa får det som dei vil, blir det mindre stipend til folkehøgskulestudentar, men basislånet for studentar aukar automatisk. Sjå oversikta:

Åshild Slåen
Publisert

Korleis påverkar regjeringa sitt statstbudsjett livet ditt, dersom det blir vedteke? Framtida har gått gjennom budsjettet og plukka ut noko av det elevar, lærlingar, studentar og unge vaksne kan merke seg.

Droppar lovpålagt leksehjelp ✍️

I utgangspunktet skal grunnskular tilby leksehjelp frå 1.- til 10.-klasse, men regjeringa føreslår å fjerne den plikta.

Med det blir tilskota til gratis leksehjelp avvikla, men frivillige organisasjonar som driv med leksehjelp, kan framleis søke om støtte til det.

Testar å sponse lappen for lærlingar 🚗

Ti millionar kroner skal gå til eit pilotprosjekt der lærlingar kan få dekt delar av førarkortet sitt.

Lærlingar vil kunne få dekt opp til halvparten av kostnadane knytt til å ta førarkort klasse B, for å sjå om dette motiverer fleire til å fullføre vidaregåande skule.

Lågare stipend for folkehøgskular 💸

Regjeringa vil kutte stipendet til dei som studerer på folkehøgskule frå 40 prosent til 15 prosent.

Dette var også eit forslag i fjor, men dette gjekk ikkje gjennom i det endelege budsjettet.

Studiestøtta skal aukast automatisk frå 2027 ⬆️

Frå studieåret 2027/2028 blir basislånet og bortebuarstipendet for studentar kopla til grunnbeløpet i folketrygda, ofte korta til G.

Dette vart lova allereie i desember fjor i samband med budsjettforhandlingane då, og blir følgd opp i år.

Grunnbeløpet er eit tal som blir prisjustert kvart år, og studiestøtta vil då auke automatisk.

I forslaget blir studiestøtta liggande på 1,25G.

For mange studentar tyder det at dei får cirka 7000 kroner meir å rutte med i løpet av studieåret.

Fleire studentbustader og vidareføring av straumstøtte 🏘️

3050 fleire studentbustader skal byggjast eller rehabiliterast i løpet av det neste året.

Regjeringa vil også gi 60 millionar kroner i straumstøtte til studentar på grunn av auka straumprisar.

Dette er ei vidareføring av straumstøtteordninga frå i fjor, men kjem ikkje til å gi studentar like god straumpris som Noregspris.

Fleire studieplassar innan helse- og realfag🧑‍🔬

Det blir 150 fleire studieplassar i det regjeringa reknar som prioriterte utdanningsområde:

  • 30 studieplassar i vernepleie
  • 30 plassar i sjukepleie
  • 30 plassar i maskinoffiserutdanning
  • 25 plassar i kvanteteknologi
  • 20 plassar i bioingeniørutdanning
  • 15 plassar i jordmorutdanning

Ekstra innsats for å få ungdom i arbeid🧑‍💼

Regjeringa gir 79,5 millionar kroner meir til Trondheim kommune for å prøve ut aktivitetspengar for unge.

Arbeidsretta ungdomsprogram får ei auka løyving på 22 millionar kroner.

Marknadsarbeidet i Nav får 30 millionar kroner meir.

Det blir gitt 30 millionar kroner til å rekruttere fleire til helse- og omsorgsbransjen, spesielt unge utan arbeid.

Løyvinga til arbeidsmarknadstiltak på 40 millionar kroner skal blant anna gå til eit forsøk på fireårig lønstilskot for unge.

Satsing mot ungdomskriminalitet 🚓

Totalt skal det gå 119 millionar kroner til å styrke innsatsen mot barne- og ungdomskriminalitet.

Desse pengane skal fordelast på barnevernet, kommunane og justissektoren.