Forskingsrådet avlyser Kina-satsing

Den planlagde utlysinga av pengar til forskingssamarbeid med Kina innanfor energi, klima og miljø er avlyst, opplyser Forskingsrådet.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Bakgrunnen er at Utanriksdepartemententet har varsla rådet om at det truleg kjem til å kutte i løyvinga til forskingssamarbeidet med Kina (Chinor) i det kommande budsjettet og i åra framover.

Forskingsrådet vil no sjå om det er andre måtar dei kan fremje det kinesisk-norske forskingssamarbeidet på innanfor desse temaområda. (©NPK)