Marcus vil gi kvalitetsstempel til kommunar som høyrer på ungdom

«Ungdomsstempelet» skal gjere kommunane betre på ungdomsmedverknad. Ungdomsutvalet i Agder er skeptisk til om det er rett bruk av ressursar.

Åshild Slåen
Publisert

– Vi har veldig lyst til å kunne kartleggje kva kommunar som faktisk gjer det bra på ungdomsmedverknad, og gi dei ei slags gulrot for det, men også kartlegge kva kommunar som ikkje leverer, slik at vi kan hjelpe dei meir.

Det seier Marcus Askildsen (18), leiar i Vestland ungdomsutval, på telefon til Framtida.no. Saman med leiaren for Ungdommens fylkesråd i Akershus, Lina Wille-Johansen, har Askildsen arbeidd fram Ungdomsstempelet, som vart lansert i fylkestinget i Vestland tysdag førre veke.

Dette er eit kvalitetsstempel som kommunane kan søke om ved å dokumentere at dei er gode på ungdomsmedverknad og jobbar godt med ungdomsrådet sitt.

Ideen kom etter den finske ungdomsorganisasjonen Nuva Ry besøkte Fylkesleiarnettverket, og fortalde om deira middel for ungdomsmedverknad, inkludert eit kvalitetsstempel.

– Eg og Line syntest det var ein god ide, så vi jobba vidare med det og laga vår eigen versjon, fortel Askildsen.

Kommunar må dokumentere arbeidet

Initiativet om eit ungdomsstempel vart teke vidare til fylkesleiarnettverket, og ungdomsutvala i dei forskjellige fylka kom med innspel til den nye ordninga då dei var samla i Tromsø i september.

Vestland er eitt av dei første fylka som innfører ordninga, og hjå dei må ein kommune oppfylle 80 prosent av dei 25 forskjellige kriteria som er fordelte på seks forskjellige kategoriar. Stempelet skal vare i to år.

Det er ungdomsutvala i dei forskjellige fylka som skal godkjenne eller avslå ein søknad. Dersom det er krevjande i eit fylke, skal det vere mogleg for eit makkarfylke å hjelpe til.

Det skal også vere mogleg å tilpasse krava noko for å ta omsyn til lokale forhold.

Slik ser ungdomsstempelet til Vestland fylkeskommune ut, men det kan variere frå fylke til fylke. | Illustrasjon: Vestland Ungdomsutval.

Kriteria for å få Ungdomsstempelet

Dette er kategoriane der kommunane må samle inn dokumentasjon på at dei oppfyller dei forskjellige kriteria:

Struktur og organisering

  • Ungdomsrådet skal ha vedteke og oppdatert mandat/reglement.
  • Ungdomsrådet skal ha minst seks møte i året.
  • Ungdomsrådet skal ha ein fast koordinator eller rettleiar.
  • Ungdomsrådet skal ha eit eige driftsbudsjett eller tilgang til eigne midlar.
  • Alle møta i ungdomsrådet skal ha referat som blir digitalt lagra.

Kommunen må oppfylle minst fire av fem kriterium i denne kategorien.

Demokratisk medverknad

  • Ungdomsrådet skal få saker til høyring minst ei veke før behandling.
  • Ungdomsrådet skal få dokumentasjon på korleis innspela deira blir brukte.
  • Ungdomsrådet skal ha eit årleg møte med den politiske leiinga.
  • Ungdomsrådet skal kunne setje eigne saker på dagsordenen.
  • Ungdomsrådet skal delta i minst ein politisk prosess i året.
  • Ungdomsrådet skal ha moglegheit til å uttale seg offentleg, til dømes på nettsida til kommunen eller på sosiale medium.

Kommunen må oppfylle minst fire av seks kriterium i denne kategorien.

Inkludering og representasjon

  • Kommunen skal ha ein plan for mangfald og rekruttering til ungdomsrådet.
  • Kommunen skal ha rutinar for at alle skal bli høyrde.
  • Kommunen skal gjere ein aktiv innsats for å nå ulike ungdomsgrupper.
  • Ungdomsrådet skal ha minst 40 prosent kjønnsbalanse. (Dette punktet kan fråvikast med grunngjeving.)

Kommunen må oppfylle minst tre av fire kriterium i denne kategorien.

Opplæring og kompetanse

  • Nye medlemmar i ungdomsrådet skal få opplæring innan to månader.
  • Ungdomsrådet skal få opplæring i kommunal struktur og prosessar.
  • Ungdomsrådet skal få minst éi kompetanseheving årleg.
  • Ungdomsrådet skal ha ein koordinator med relevant kompetanse.

Kommunen må oppfylle minst tre av fire kriterium i denne kategorien.

Synlegheit og kommunikasjon

  • Kommunen si nettside må vere oppdatert.
  • Det må vere jamlege oppdateringar til ungdom i kommunen, minst fire gongar i året.
  • Det må vere ein skriftleg kommunikasjonsplan.
  • Ungdomsrådet skal ha årleg rapportering til formannskapet/kommunestyret.

Kommunen må oppfylle minst tre av fire kriterium i denne kategorien.

Eigenvurdering

  • Kommunen må kome med ei skriftleg eigenvurdering av styrkane deira, utfordringar og mål framover.
  • Kommunen må ha minst tre konkrete mål om å betre seg.

Begge kriteria må oppfyllast av kommunen i denne kategorien.

Kjelde: Kriteria for Ungdomsstempelet via Vestland Fylkeskommune

Halvparten får ikkje gjennom ei einaste sak

Det er gode grunnar til at leiarnettverket ser etter måtar å få betre ungdomsmedverknad rundt om i landet.

I august skreiv Framtida om at ungdomsråda berre får gjennomslag i fire prosent av sakene dei fremjar. Det kjem fram i ein rapport frå OsloMet.

Mange av gjennomslaga kjem frå eit fåtal av kommunar. I halvparten av kommunane i undersøkinga var det ingen av sakene til ungdomsrådet som fekk gjennomslag. Forskarane har eit atterhald om at råda kan ha påverka politikken på ein måte som ikkje kan dokumenterast.

– Eg synest det er veldig skremmande, og skulle gjerne sett ein auke i at politikarar i det minste snakkar med ungdom, seier Askildsen om undersøkinga.

– Dei treng ikkje vedta ord for ord politikken som ungdom skriv, men dei burde ta det med seg og kanskje endre forslaga ungdommar skriv og møte dei meir halvvegs.

Han understrekar at standarden for ungdomsråd varierer veldig frå kommune til kommune.

– Nokre bryt jo lova, nokre følgjer lova akkurat, men har framleis ikkje eit fungerande ungdomsråd.

Set spørsmål ved ressursbruk

Ikkje alle ungdomsutvala er like entusiastiske til den nye ordninga. Bjøru Berg frå Ungdommens fylkesutval i Agder er blant dei meir skeptiske.

Bjøru Berg er medlem i Ungdommens fylkesutval i Agder. | Foto: Privat

Dei har førebels ikkje byrja å bruke ordninga, og Berg fortel at dei kom med innspel om tydelegare rammer då forslaget vart fremja på konferansen i Tromsø.

– Eg er usikker på om vi har kapasitet til å seie nei eller ja til kommunar som ønsker å få dette stempelet, skriv han i ei melding til Framtida.

Når ein legg til at eit potensielt «makkarfylke» også skal kunne hjelpe å vurdere søknadane, meiner Berg det blir feil bruk av ressursar i ungdomsutvala.

Han peikar også på at Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) allereie kårar årets ungdomskommune.

Det tyder ikkje at 14-åringen ikkje ser utfordringar med ungdomsmedverknad i kommunane.

Han er sjølv leiar i ungdomsrådet i Åseral kommune. Der har han erfart korleis korte fristar på høyringssvar og det å ikkje bli teke seriøst av politikarar påverkar arbeidet til ungdomsrådet.

– Det følast litt som vi er ein boks som skal sjekkast av hjå administrasjonen og politikarane i kommunen.

Han meiner likevel ikkje det er ei løysing at ungdomsutvalet i fylket skal evaluere innsatsen til kommunen.

– Spørsmålet er om vi skal ha mandat til å seie at du ikkje har eit bra ungdomsråd.

Må tilpasse ordninga

Askildsen frå Vestland meiner den lokale tilpassinga er viktig for å få dette til å fungere, og at det kan ta tid å finne ei god løysing for kvart fylke.

– Vestland har jo byrja ganske tidleg, og så håpar eg at fleire vil følgje etter.

Han peikar på at nokre fylke har fleire kommunar enn andre, og at det då er naturleg å få meir hjelp frå fylke som har færre kommunar og færre eventuelle søknader.

Uansett meiner leiaren frå Vestland at det er verdt å bruke tid på nettopp denne ordninga, og at det er eit poeng at den lokale ungdommen sjølv står for vurderinga.

– Det viktigaste er at det er ungdommen som set standarden for kva som skal vere ungdomsmedverknad.