Nettside promoterer «rein» seksualitet til unge: – Bidrar til skam og sjølvforakt
Skeivt kristent nettverk meiner den kristenkonservative nettstaden Bedresvar.no kan bidra til skam, sjølvforakt og einsemd.
Organisasjonen Kristent ressurssenter (KR) lanserte nyleg nettstaden «Bedre svar», som eit alternativ til det statlege ung.no, som dei meiner baserer råda sine på «seksualliberale teorier som kan gjøre livene vanskeligere for ungdom».
Kristent ressurssenter opplyser at dei vil synleggjere overfor unge at vala dei tar «får konsekvensar» og promoterer ein seksualkonservativ sexologi dei kallar «RenRelasjon».
Hanne Marie Pedersen-Eriksen, styreleiar i Skeivt kristent nettverk, seier at ho vert bekymra når ho les gjennom svara KR rettar mot unge.
– Det som uroar meg, er at unge menneske kan bli møtt med ein bodskap som kan få dei til å oppleve eigne kjensler eller identitet som noko feil, noko syndig eller noko som bør overvinnast eller skal rettast på, seier ho på telefon til Framtida.no.
Kristen ressurssenter stod også bak spleisen for å stoppe pride i skulen tidlegare i år.
Sex er for gifte, heterofile
Svara Kristent ressurssenter tilbyr, baserer seg på føresetnader om at seksualitet berre høyrer heime innanfor eit heterofilt ekteskap, og avviser at ein kan vere «fødd i feil kropp». Tiltrekking til nokon av same kjønn vert omtala som «forvirrede følelser» i puberteten. I lag med kvart svar får ein også eit bibelvers og eit forslag til ein bøn ein kan be.
Spørsmåla som Bedresvar tilbyr svar på, inneber mellom anna:
- Kan jeg være født i feil kropp?
- Kan jeg være heterofil, når jeg tidligere har hatt homofile følelser?
- Er det verdt å vente med sex til ekteskapet?
- Hvorfor kjenner jeg skam etter å ha onanert?
I verdidokumentet til «RenRelasjon» kjem det fram at homofile bør leve i sølibat, men at homofil tiltrekking kan «endre seg», og til unge med homofile kjensler tilrår dei ei bøn kor ein ber til gud om å opprette eins «sanne identitet».
– Skadeleg
At desse svara vert retta mot unge, bekymrar Pedersen-Eriksen i SKN.
– Eg opplever ikkje at ungdom blir møtt med svar som er bygde på etablert kunnskap og brei fagleg kompetanse, på denne nettsida, seier ho.
Ho meiner det er skadeleg når unge blir sittande att med kjensler om at noko grunnleggande ved ein sjølv er feil, og påpeiker at råd som kan forsterke det unge strever med, kan gjere situasjonen verre i staden for å hjelpe.
– For skeive unge, som er overrepresenterte i statistikken om psykiske helseutfordringar, kan slike bodskapar og svar bidra til skam, sjølvforakt og einsemd, seier ho.
– Kan få store konsekvensar
Pedersen-Eriksen seier at det ho les på bedresvar.no, liknar haldningar som medlemmer i SKN vert møtte med i miljø dei har vakse opp i.
– Det er fleire i vår organisasjon som nettopp har vakse opp med ein slik bodskap, at ein må endre eller undertrykke kjønnsidentiteten eller seksualiteten sin. Vi veit kor store konsekvensar slike bodskap kan få, seier ho.
Ho meiner unge som har spørsmål om kropp, seksualitet eller kjønn, må ha tilgang på kunnskap og informasjon frå fagpersonar.
– Vi kan ikkje tvinge andre til å endre teologisk synspunkt. Men det er superviktig at ein nettstad som gir seg ut for å gi faglege råd til born og unge, tilbyr kunnskapsbasert informasjon, seier Pedersen-Eriksen.
Ho trekker fram Ung.no som ei god kjelde for slik informasjon.
– Det er ein nettstad med eit breitt, tverrfagleg miljø, med informasjon som er basert på forsking og god fagkunnskap, seier ho.
– Synd å leve det ut
Tone Lise Gustavsen er dagleg leiar i Kristent ressurssenter, og det er ho som skriv svara på bedresvar.no.
– Meiner de at homofile bør avstå frå (likekjønna) sex?
– Ein kristen som har homofile kjensler og vil leve etter Guds befaling, bør avstå frå synd. Bibelen definerer all sex utanfor ramma av ekteskapet som hor. Dette gjeld også sambuarskap.
Gustavsen skriv til Framtida at nettstaden er for dei som ønsker å leve eit kristent liv, som eit alternativ til statlege ung.no. Ho slår fast at Kristent ressurssenter er djupt ueinig i SKN si haldning til at kristne kan leve ut sine skeive identitetar.
– Det er skilnad på tankar og handling. Så nei, det er ikkje synd å kjenne på likekjønna tiltrekking, men det er synd å leve det ut, seier Bibelen. Fordi vi lever i ei fallen verd, vil det vere ulike freistingar og vrangførestillingar vi treng hjelp med. Når vi syndar, kan vi omvende oss og få hjelp med å overvinne synda, skriv Gustavsen.
– Vi ønsker ikkje å legge skam på menneske, men vi trur at sanninga set fri. Unge er i stor forandring i jakt på eigen identitet og fortener å tryggast i eigen kropp.
– Kva gjer de for å sikre at skeive ungdommar ikkje tar skade av innhaldet på sida dykkar?
– Vi kan aldri vite kva eit menneske vil føle på etter å ha sett på Bedresvar, men det vi er sikre på, er at Guds ord vender aldri tomt tilbake. Difor bruker vi bibelvers og tilvisingar i første rekke, og forsking i andre rekke, for å vise korleis ein høgare veg innan kjønn og seksualitet kan sjå ut, skriv ho.
– Det er trist at nokon har vonde opplevingar i forhold til meinigheitsliv og miljø dei har vakse opp i. Gud fordømmer ikkje, og det vil heller ikkje vi.
– Kva skil praksisen dykkar frå konverteringsterapi?
– Vi prøver ikkje å konvertere folk til å bli heterofile, vi vil hjelpe dei til heilaggjering, som betyr å bli Kristus-like. Dette er svaret for sann fridom på alle område av livet.
Les heile svaret frå Kristent ressurssenter lenger nede i saka.
– Ikkje fagleg forankra
Gina Burøy-Olsen, avdelingsdirektør i Bufdir, skriv til Framtida at ung.no nyttar fagsvararar med god kunnskap og kompetanse innan temaa ungdom stiller spørsmål om. Svar om seksualitet er bygde på oppdatert fagkunnskap og følger etablerte svarprinsipp.
– Vi kan ikkje sjå at innhaldet på bedresvar.no har den same faglege forankringa eller er kvalitetssikra, slik det er på ung.no, skriv Burøy-Olsen.
Ung.nos svarpanel består av over 300 fagpersonar som er rekrutterte i samband med styresmaktene som har ansvar for dei ulike temaa.
– Fagpersonane har som oppdrag å ta ungdoms spørsmål på alvor, og har forplikta seg til å svare etter ung.nos svarprinsipp. Det betyr blant anna at dei skal svare basert på oppdatert fagkunnskap og ikkje vise personleg meining eller politisk ståstad, understrekar ho.
På den andre sida påpeiker ho at bedresvar.no har ein uttalt religiøs ståstad og at svara deira mellom anna bygger på Bibelen og ein seksualkonservativ ideologi.
– Det er noko anna enn ung.no, slår ho fast.
– Forståing, respekt og fagkunnskap
For Bufdir er det viktig at ungdom vert tekne på alvor og får svar av høg kvalitet.
– Når ungdom kjem til oss med spørsmål om personlege tema, som for dei kan vere både pinlege og vanskelege å stille, skal dei møte forståing, respekt og fagkunnskap. Dei skal vere trygge på at dei får svar på det dei lurer på og at vi ikkje dømmer dei. Råd og rettleiing frå ung.no skal gi svar på det dei lurer på og støtte til å handtere det dei står oppe i, skriv Burøy-Olsen.
– Kristent ressurssenter seier til Sol at råda frå Ung.no er baserte på «seksualliberale teorier som kan gjøre livene vanskeligere for ungdom». Kva tenker de om denne kritikken?
– Dette er ein påstand som spring ut av eit bestemt verdigrunnlag. På ung.no svarar vi på det ungdom faktisk spør om. Vi legg til grunn at det er viktig for ungdom å bli møtt med respekt, anerkjenning og utan fordømming. Det meiner vi bidreg til auka handlingskompetanse, betre meistring og mindre skam knytt til tema som allereie kan vere vanskelege å snakke om, avsluttar Burøy-Olsen.
Ikkje basert på forsking
Kristent ressurssenter opplyser sjølv at «RenRelasjon» ikkje er basert på vitskap, studiar eller teori, men bruker Bibelen som grunnlag, og hentar fram enkeltvise studiar for å illustrere poeng og konsekvensar.
Tone Lise Gustavsen i KR meiner at mykje forsking og vitskap underbygger «bibelske sanningar». Ho trekker til dømes fram at ein kan unngå kjønnssjukdommar og smerte ved å leve «reint» før ekteskapet.
Ho opplyser at ideologien «RenRelasjon» er kvalitetssikra av eit «advisory board» som består av fagpersonar og «erfaringsberarar» innan mellom anna sexologi, psykologi, psykiatri, sosialfag, undervising, teologi og arbeid med barn, ungdom og familie, men vil ikkje opplyse kven som sit i dette rådgivande utvalet. På nettsida opplyser KR at dette utvalet ikkje er konsensus-drive, og at KR sjølv redigerer og står ansvarleg for svara på bedresvar.no.
Dette skriv KR om forsking:
«RenRelasjon er ikke utviklet ved å spørre hva en statistisk studie sier er moralsk rett rundt sex og valg. Det normative grunnlaget er bibelsk antropologi, et bestemt menneskesyn og en forståelse av seksualiteten som knyttet til kjærlighet, troskap, kropp, forplantning og familie som en høyere hensikt. [ … ]
Forskning kan altså ikke alene svare på hva sex bør bety. Den kan undersøke hva som skjer når mennesker lever på ulike måter.
På flere viktige områder finner vi tydelige mønstre som peker i samme retning som RenRelasjon. På andre områder finnes plausible mekanismer og interessante sammenhenger uten at årsaken er endelig bevist. Derfor er rådene og retningen til RenRelasjon også basert på mangeårig erfaringsbasert og relasjonell kunnskap i møte med ekte levde liv og mennesker.»
– Kan kombinere tru med fagkunnskap
Pedersen-Eriksen i Skeivt kristent nettverk understrekar at det også finst kristne organisasjonar, kyrkjer og samtaletilbod kor unge menneske kan snakke om korleis kropp, sex og kjønn heng saman, i møte med kunnskapsbasert informasjon.
– Det er fullt mogleg å kombinere tru med fagkunnskap, det er ikkje nokon motsetnad. Vi i SKN meiner det er fullt mogleg å halde på trua og kven ein er, samstundes, seier ho.
Ho håpar at barn og unge finn fram til informasjon som får dei til å kjenne seg meir verdifulle, ikkje mindre.
– Det er så viktig at vi vaksne, når vi snakkar med born og unge, ikkje forsterkar, underbygger eller sår frø med kjensla om at noko er grunnleggande feil ved dei sjølve, seier ho.
Her er heile svaret frå Kristent ressurssenter:
– Meiner de at homofile bør forsøke å endre seksualiteten sin?
– Om du er ein person med homofile kjensler som ønsker å leve eit kristent liv, så er svaret heilaggjering. Det å bli meir og meir lik Kristus, vil hjelpe deg med alle problem. I eiga menneskeleg kraft er det ikkje lett å forandre seg. Eg vil minne om at svara våre er retta til dei som ønsker å følge Jesus og ha Han til Frelser og Herre.
– Meiner de at personar med kjønnsinkongruens bøk søke rettleiing eller bøn for å bli kvitt kjønnsinkongruensen?
– Desse personane treng framfor alt å bli stadfesta i eige medfødd kjønn, ikkje i sin sjølvopplevde identitet. Dei treng hjelp til å forstå forvirringa dei kjenner på og at det er andre ting som ligg bak forvirringa, enn at dei er fødde i feil kropp. Fordi ingen er fødde i feil kropp, men tankane må fornyast og hjelpast til rett forståing.
– Studiar underbygger at negative haldningar i samfunnet eller blant familie og tillitspersonar skadar den psykiske helsa til homofile og at kjønnsbekreftande behandling betrar den psykiske helsa til transpersonar. Kva gjer de for å sikre at skeive ungdommar ikkje tar skade av innhaldet på sida dykkar?
– Vi kan aldri vite kva eit menneske vil føle på etter å ha sett på Bedresvar, men det vi er sikre på, er at Guds ord vender aldri tomt tilbake. Difor bruker vi bibelvers og tilvisingar i første rekke, og forsking i andre rekke, for å vise korleis ein høgare veg innan kjønn og seksualitet kan sjå ut. Dette ønsker ungdom seg. Difor meiner vi at i eit klasserom kan vi fint legge fram svar frå ung.no og frå bedresvar.no, så kan ungdom sjølve velje kva dei tenker tar dei nærare sin visjon for sitt liv. Val har konsekvensar, og det formidlar Bedresvar tydeleg og sant. Denne nettstaden er laga som eit tydeleg, transparent alternativ for kristen ungdom, som ønsker svar basert på bibelsk etikk. Vi kan ikkje ta høgde for alle som ønsker noko anna. Det er trist at nokon har vonde opplevingar i forhold til meinigheitsliv og miljø dei har vakse opp i. Gud fordømmer ikkje, og det vil heller ikkje vi.
– Meiner de at homofile bør avstå frå (likekjønna) sex?
– Ein kristen som har homofile kjensler og vil leve etter Guds befaling, bør avstå frå synd. Bibelen definerer all sex utanfor ramma av ekteskapet som hor. Dette gjeld også sambuarskap.
– Kva skil praksisen dykkar frå konverteringsterapi?
– Vi prøver ikkje å konvertere folk til å bli heterofile, vi vil hjelpe dei til heilaggjering, som betyr å bli Kristus-like. Dette er svaret for sann fridom på alle område av livet. Bedresvar er tydelege på vår ståstad: Guds ord har øvste autoritet.
– SKN og Bufdir kritiserer bedresvar.no for å ikkje bygge svara på etablert kunnskap eller brei fagleg kompetanse. De oppgir sjølve at RenRelasjon ikkje er basert på vitskap, studiar eller teori. Kvifor skal brukarar lytte til dykkar svar framfor det forsking og vitskap seier?
– Mykje forsking og vitskap underbygger bibelske sanningar. Eit eksempel er at den liberale tenkemåten som seier at vi skal leve ut seksualiteten utan rammer og grenser, er langt meir risikofylt enn det bibelske og konservative synet: Vel ei ektefelle i ramma av ein mann og ei kvinne. Lev reint før ekteskapet og trufast i ekteskapet, så unngår du kjønnssjukdommar og mykje smerte. Så det er ikkje rett at vi ikkje gir råd som forsking og vitskap er einig i.
– Kan du vise til kjelder på desse punkta?
– Det mest presise forskingsbaserte utsegna er: Personar som praktiserer seksuell fråhald før ekteskapet og gjensidig monogami etter ekteskapet, har generelt lågare risiko for seksuelt overførbare infeksjonar enn personar med fleire seksualpartnarar. Mange konservative og religiøse miljø fremjer slike normer, og dette kan forklare deler av den observerte skilnaden. Summen av funn viser at opplevd tryggleik, eksklusivitet, truskap og andre positive fordelar naturleg nok gir betre og oftare sex. I tillegg vil fråvær av samanlikningar, hormonelle bindingar til andre, angst og depresjon også telje positivt inn. Faktiske funn vil også vise dette, difor kan vi seie at ikkje alle kjelder vi bruker er å finne i RenRelasjon, fordi vi ikkje bygger på forsking først og fremst.
– Ektefeller som venta med sex, rapporterer nettopp betre kommunikasjon og sex. Dette har vi omtala i RenRelasjon, at det beste er å bli godt kjent og skape ein tett relasjon, løyse tøffe problem før ein har sex, fordi elles risikerer ein at sex er berande for forholdet.
– Meiner de at likekjønna attraksjon eller kjønnsinkongruens er feil eller syndig? Er dette noko som bør overvinnast eller rettast på?
– Det er skilnad på tankar og handling. Så nei, det er ikkje synd å kjenne på likekjønna tiltrekking, men det er synd å leve det ut, seier Bibelen. Fordi vi lever i ei fallen verd, vil det vere ulike freistingar og vrangførestillingar vi treng hjelp med. Når vi syndar, kan vi omvende oss og få hjelp med å overvinne synda. Som kristen meiner vi at vi treng hjelp frå Gud til å leve meiningsfulle liv som ærer han. Dei gongane vi syndar, kan vi omvende oss og få tilgjeving. Til dømes når ein ungdom spør om likekjønna kjensler, seksuell orientering eller kjønnsidentitet, vil vi stadfeste dei i rett kropp framfor å lyge til dei og seie at dei kan bli noko anna.
– Kva tyder «omvending» konkret på Bedresvar? Vi ønsker ikkje å legge skam på menneske, men vi trur at sanninga set fri. Unge er i stor forandring i jakt på eigen identitet og fortener å tryggast i eigen kropp. Bedresvar.no skriv tydeleg at kjensler skiftar, og er difor ikkje ei god rettesnor for rett og gale, eller å bygge identiteten sin på for ungdom. Råda vi gir, er å ikkje definere seg etter dei seksualliberale normene som dei vert oppfordra til, fordi det og ligg forventing om at ein må leve ut identiteten sin. Ung.no og seksualpolitiske interesseorganisasjonar kallar slik haldning og praksis for eit «sex-positivt syn» som igjen er eit premiss for å få såkalla «god seksuell helse». Vi vil vise ungdom at livet vårt ikkje skal styrast av kjensler åleine.
– De viser til at RenRelasjon er gjennomgått av eit «advisory board». Kven består dette av, og kva er deira relevante utdanning og yrkestitlar?
– Bedresvar.no bygger på Bibelen og RenRelasjon-læra. Alle svara og grunntekstane på nettsida er kvalitetssikra av rådgivande fagmiljø. Advisory Board består av fagpersonar og erfaringsbærarar innan mellom anna sexologi, psykologi, psykiatri, sosialfag, undervising, teologi og arbeid med barn, ungdom og familie.








