I bokhylla: Evgenia Bektasova kunne godt berre ha lese ordbøker
Evgenia Bektasova meiner Kate Winslet er den einaste riktige dama til å spele hovudrolla i fleire av novellene hennar.
– Mamma las alltid på senga til meg, eventyr frå Gianni Rodari, Hans Christian Andersen, Grimm-brørne og mange russiske eventyr, der Kattas hus av Samuil Marshak var min favoritt.
Det skriv Evgenia Bektasova i ein e-post til Framtida. Ho er fødd og oppvaksen i Russland, men flytta til Noreg i 2015. No har ho nett skrive si fyrste bok, på nynorsk.
Evgenia Bektasova
Alder: 34
Frå: Arkhangelsk i Russland
Utdanning: Bachelor i filologi, master i lingvistikk, bachelor i nordområdestudium, master i reiseliv, årsstudium i nordisk, bachelor i italiensk, eg lovar å ikkje studere meir.
Yrke: Forfattar
– Eg skriv mykje meir enn eg les. I fjor las eg 17,5 bøker (ja, eg journalfører dei), medan hittil i år er det knappe få. Unnskyldninga mi er Det ringer, mi eiga bok som etter eit halvt år med intenst arbeid endeleg er komen ut!
Og det er nettopp den boka som ligg på nattbordet hennar no.
– Eg har drive og førebudd meg til høgtlesing på nynorsk dag og natt!
Vil berre lese ordbøker
Bektasova har mange sjangrar ho likar.
– Sakprosa om psykologi, magi og universets orden, italienske bøker i alle fasongar, uhyggeleg skjønnlitteratur.
Blant bøkene ho helst les, er også ordbøker. Og måtte ho velje seg berre ein forfattar å lese resten av livet?
– Dette er eit umogleg val å ta, men eg kunne godt berre ha lese ordbøker og brukt fantasien til resten! skriv Bektasova.
Sjølv om ho har ein variert smak i bøker, er ho tydeleg på at det er ein stad ho aldri les dei.
– Absolutt ikkje på kafear, der blir eg distrahert!
Gripen av mysterieserie
I tenåra hugsar ho at ho blei gripen av ei bok frå det mystiske universet til 90-talsserien Twin Peaks: The Secret Diary of Laura Palmer av Jennifer Lynch.
– Eg hadde skikkeleg lyst på eit like vilt og eventyrleg liv som Laura sitt, men diverre (heldigvis?) gjorde eg korkje dop, røyk, alkohol eller sex. Kjensla av det nifse og uhyggelege frå Lauras liv (og boka), derimot, tok eg med meg vidare, skriv ho.
Dei beste bøkene beskriv Bektasova som dei som er skrivne med glimt i auget, glød i brystet, eller vondt i magen.
– Når forfattaren gir litt av sitt unike vesen til lesaren, og gjer det inderleg og på alvor.
På spørsmål om kva forfattar ho meiner er undervurdert, trekker ho fram dei forfattarane som skriv med heile hjartet, men som me knapt har høyrt om.
Ser for seg filmserie
Det er ein dansk forfattar som står bak boka ho skulle ynskje ho hadde skrive.
– Om udregning af romfang av Solvej Balle. Då eg såg første bok i serien og las baksidetekst, tenkte eg ærleg talt i caps lock KVIFOR KOM EG IKKJE PÅ DETTE SJØLV?! Det elastiske ved romtid fascinerer meg som lite anna!
Forfattaren har enno ikkje møtt karakteren ho kjenner seg mest igjen i, men ho veit godt kven ho ser for seg om boka hennar skulle bli filmatisert.
– Gina Cornelia Pedersen passar utmerkt til å vere hovudkarakter i fleire av novellene i boka, medan Kate Winslet er den einaste riktige dama til å spele hovudrolla i ein del andre noveller, skriv ho.
– Åh, eg ser det så levande for meg! No må Det ringer bli til ein filmserie, det er ingen veg tilbake.
Varierte middagsgjestar
– Kva forfattar – daud eller levande – ville du invitert på middag?
– Mikhail Lermontov, for å muntre han opp, sidan han hovudsakleg skreiv triste ting, men lenge var favorittforfattaren min i yngre år.
Ho ville og hatt med seg svenske Mikael Niemi.
– For å muntre opp Lermontov saman med, og også fordi eg liker kor sprudlande han er. Håper me ein dag blir vennar.
Til slutt ville ho invitert ukrainskfødde Nikolaj Gogol.
– For å spørje om han verkeleg blei gravlagd levande!







