Indisk oljearving blir professor i berekraft
Det britiske universitetet Newcastle University har gitt ein professortittel til Anant Ambani, sonen til Indias rikaste mann. Det får fleire til å reagere.
Universitetet i Newcastle har fått mykje kritikk for å tildele ein professortittel i berekraft til arvingen av ein olje- og gassformue, meldar The Guardian.
Anant Ambani, som er leiar for fornybar energi i farens selskap Reliance Group, har oppretta ein kontroversiell privat dyrehage ved familiens oljeraffineri i byen Gujarat.
Dyrehagen skal ha meir enn 150 000 dyr, med mellom anna 900 krokodiller, 200 løver og 250 leopardar. Fleire har stilt spørsmål ved korleis dyrehagen fekk tak i dyr, utan at dyrehagen nokon gong har blitt dømt for noko straffbart.
Kjent etter massivt bryllaup
Rolla i farens selskap og dyrehagen blir oppgitt som grunnen til at Ambani har fått professoratet. I grunngjevinga står det at Ambani bidreg til konservering, beskytting av biomangfald, dyrevelferd og omsorg for miljøet, og overgangen til ei grøn framtid.
Ambani blei kjent for verda då han hadde eit veldig påkosta bryllaup i 2024, med kjendisgjestar frå heile verda. Han har ikkje professorkompetanse frå akademia, og blir ein såkalla praksisprofessor.
Praksisprofessor er ein tittel ein kan bli tildelt om ein har lang fartstid og mykje erfaring frå eit fagfelt.
Avgjerda får kritikk
Avgjerda blir møtt med vantru og misnøye.
– Eg kan nemne minst femti, kanskje hundre menneske som er langt betre eigna til å få denne æra.
Det seier den indiske historikaren og forfattaren Ramachandra Guha til The Guardian.
– Universitet skal vere stader der ein stiller spørsmål til makta og held selskap ansvarlege, ikkje ein stad som gir dei akademisk legitimitet, seier berekrafts-professor Lyla Mehta til avisa.






