Kvinneleg afghansk syklist vann sølvmedalje i eksil

Fariba Hashimi (23) kledde seg som mann då ho var tenåring for å kunne sykle. No har ho vunne sølvmedalje i Asialeikane.

Åshild Slåen
Publisert

– Eg vart fødd i eit land der kvinner som drøymer, blir angripne, og eg er verkeleg glad for at eg har kjempa mot det.

Det seier Fariba Hashimi etter ho vann sølvmedalje i sykling under Asialeikane i Japan, ifølgje The Guardian. Tysdag kom ho bak kinesiske Guo Li som vant rittet nær den japanske byen Nagoya.

Hashimi er fødd i Afghanistan, og byrja med sykling då ho var 15 år, inspirert av storesystera Yulduz, som også er proffsyklist. I dag bur 23-åringen i Italia saman med systera.

Kvinners rettar i Afghanistan under Taliban

I 2021 tok Taliban over makta i Afghanistan. Dei er ei konservativ og fundamentalistisk islamsk gruppe.

Sidan dei overtok har dei avgrensa rettane til kvinner, spesielt når det kjem til utdanning og reiser utanfor heimen.

Kvinner er også nekta å delta i sport, men det har oppstått fleire flyktninglag utanfor landet, inkludert eit afghansk kvinnelandslag i sykkel til OL i 2024, som Fariba Hashimi er ein del av.

Ho minnest at folk kasta stein etter ho då ho trente som tenåring, og at dei kledde seg ut som menn for å kunne sykle.

Hashimi meiner sølvmedaljen hennar kan vise kor robuste afghanske kvinner er.

– Eg er verkeleg lykkeleg. Eg er ikkje åleine, eg veit at bak meg er det millionar av kvinner frå mange land som har dei same draumane, og dei står med meg, seier ho etter rittet.