Politikk og samfunn

«Barn blir no aktivt brukte som verktøy for vaksne kriminelle»

«Ungdomane fortener eit system som vernar dei, ikkje eit system som gjer dei til attraktive verktøy for lovbrytarar,» skriv Mathias Heian Ræmisch og Sofie Kongsvik i Framstegspartiets Ungdom.

Mathias Heian Ræmisch (19) og Sofie Kongsvik (18)
2. vara i Vestland FpU; medlem i FpU
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Kriminaliteten i Noreg har skote i vêret dei siste åra. Fleire og fleire unge blir rekrutterte til kriminelle nettverk og utnytta systematisk. Den kriminelle lågalderen skaper samstundes eit handlingsrom som organiserte kriminelle miljø tener stort på å utnytte. Dette er eit smotthol som gjengar og nettverk i aukande grad veit å nytte seg av. Namnet på smottholet er «den kriminelle lågalderen på 15 år».

Vald som teneste

Norsk politi åtvarar no mot organiserte kriminelle miljø, fleire med koplingar til Sverige, som medvite rekrutterer barn til vald- og narkotikaoppdrag. Nettverka er fullt klar over at barn under 15 år ikkje kan straffeforfølgjast. Fenomenet har blitt så utbreitt at det har fått eit eige namn i rapportane til politiet: «violence-as-a-service». Med andre ord vald som blir bestilt og utført som ei betalt teneste.

Barn blir no aktivt brukte som verktøy for vaksne kriminelle. Trass i dette verkar det ikkje som regjeringa tek inn over seg det enorme alvoret i situasjonen vi no står i.

Vi treng ikkje sjå lenger enn eit steinkast austover, til Sverige. Nabolandet vårt er eit skrekkdøme på kor dramatisk situasjonen kan eskalere dersom ein ikkje set inn tiltak i tide. Regjeringa har ikkje tid til å vente. Det har heller ikkje barna som blir rekrutterte. Ungdomane fortener eit system som vernar dei, ikkje eit system som gjer dei til attraktive verktøy for lovbrytarar.

Kven utnyttar grensa?

Framstegspartiet har lenge føreslått å senke den kriminelle lågalderen til 14 år for grov og gjenteken kriminalitet. Justisminister Astri Aas-Hansen (Ap) har fleire gonger avvist forslaget. At forslaget blir avvist, betyr ikkje at problemet forsvinn. Politidirektoratet sine eigne tal viser at ungdomskriminaliteten auka med nær 19 prosent frå 2019 til 2024. I same periode auka ran utførte av mindreårige med rundt 78 prosent.

Når utviklinga går i feil retning, samstundes som stadig yngre blir brukte i alvorleg kriminalitet, må vi våge å stille eit ubehageleg spørsmål: Kven utnyttar dagens grenser for strafferettsleg ansvar?

Svaret er openbert ikkje barna åleine. Kriminelle nettverk veit nøyaktig kvar grensa går, og dei utnyttar henne kynisk. Difor er det heller ikkje tilfeldig kven som blir sende ut for å utføre dei mest risikofylte oppdraga. Når ein mindreårig kan brukast som mellomledd eller utøvar av vald med langt svakare strafferettslege konsekvensar enn ein vaksen, blir alderen eit verkemiddel for bakmennene. Det er nettopp dette Framstegspartiet sitt forslag prøver å møte. Ikkje ved å straffe barn for kvar einaste feil dei gjer, men ved å sikre at alder ikkje blir eit skjold som kriminelle nettverk kan gøyme seg bak.

Gripe inn i tide

Nokre vil innvende at straff ikkje hjelper, og at desse barna treng hjelp, ikkje fengsel. Det er rett at barn som gjer seg skuldige i kriminalitet, først og fremst må møtast med tiltak som kan bryte ei negativ utvikling. Hjelp og konsekvensar er ikkje motsetningar. Tydelege grenser kan tvert imot vere ein avgjerande del av hjelpa. Målet må vere å gripe inn før ein ungdom går frå eitt enkelt lovbrot til eit etablert kriminelt mønster. Før gjengen blir viktigare enn skulen, familien og til slutt framtida.

Det har òg alvorlege konsekvensar å la vere å reagere. Dersom samfunnet ikkje klarer å stanse ein 14-åring som blir trekt inn i alvorleg og gjenteken kriminalitet, er det ikkje berre samfunnet som taper. Det er ungdommen sjølv. Gjengen får behalde eit ungt menneske som ressurs, medan vi risikerer å møte den same personen seinare, med fleire offer, grovare kriminalitet og færre moglegheiter til å snu. Å setje ei tydeleg grense handlar difor ikkje om å gi opp barn. Det handlar om å gripe inn medan det framleis er tid til å endre retning.

Tryggleik er ikkje ein abstrakt verdi. Det er retten til å vente på bussen utan frykt, og til å vite at samfunnet grip inn før eit barn blir rekruttert inn i vald, framfor berre å rydde opp etterpå.