Treningssenter kan bli dyrare: – Undervurderer konsekvensen
Nær 1 million nordmenn må betale mykje meir for å trene viss skattekommisjonen får det som dei vil, åtvarar Sats. No har dei sendt eit kritisk høyringssvar.
– Trening er ein del av løysinga for å få ei sunnare og friskare befolkning. Då treng vi ikkje å gjere trening dyrare. Tvert imot så treng vi heller å senke terskelen. Dette vil få følgjer for nær 1 million nordmenn, seier noregssjef Wenche Evertsen i Sats til NTB.
Mange blei overraska då skattekommisjonen før sommaren foreslo full moms på treningssenter. «Det er ikke usannsynlig at kommersielle treningstilbud bærer preg av å være et luksusgode», skreiv kommisjonen.
Sats fortel at dei har merka mykje engasjement rundt forslaget.
– Dette handlar om folkehelse. Treningssenter bidreg kvar dag til betre fysisk og psykisk helse for menneske i alle aldrar. For mange er det avgjerande for å etablere og halde oppe gode treningsvanar, sosialt fellesskap og livskvalitet. Psykiske lidingar og muskel- og skjelettplager er blant dei største årsakene til sjukefråvær. Fysisk aktivitet er eitt av dei viktigaste førebyggjande tiltaka vi har, seier Evertsen.
Ber om skrinlegging
Førre veke sende Sats høyringssvaret sitt på momsauken inn til skattekommisjonen. Fristen for høyringssvar er torsdag denne veka.
Selskapet er tydeleg på at dei meiner forslaget bør leggjast i ei skuffe:
«Vi mener kommisjonens forslag undervurderer en helt sentral konsekvens: Hva skjer med aktivitetsnivået når det blir dyrere å trene?».
I høyringssvaret viser Sats til Virkes bransjerapport for treningssenter i 2025. Blant dei som ikkje trenar i dag, oppgir om lag éin av fem kostnader som ein barriere.
– Trening kan ikkje samanliknast med alle andre kommersielle tenester. Det vi driv med, har ein dokumentert helsegevinst, seier Sats-sjefen.
Blir dyrare
I dag har treningssentera ingen moms. Skattekommisjonen foreslår å innføre full moms på 25 prosent.
Skattekommisjonen har berekna at staten vil få inn 1,5 milliardar kroner meir i året på treningssenter-momsen.
Om vi legg til grunn bransjen sine eigne tal om at nær 1 million kundar, blir dette ei ekstrarekning på opp mot 1500 kroner per person i året.
– Kor mykje dyrare vil typisk eit treningsabonnement bli med denne momsendringa?
– Det konkrete utslaget vil avhenge av korleis momsen eventuelt blir innført, men det viktigaste er ikkje det eksakte kronebeløpet. Konsekvensen er uansett at trening blir dyrare enn i dag. Når styremaktene samtidig ønskjer betre folkehelse, lågare sjukefråvær og meir fysisk aktivitet, meiner vi dette trekkjer i feil retning, seier Evertsen.
Særnorsk fritak
Etter at høyringsfristen er over, skal saka forhandlast om på Stortinget.
Også arbeidsgivarorganisasjonen Virke stiller seg kritisk til full moms på treningssenter i høyringssvaret sitt. Til liks med Sats meiner dei at forslaget går imot målet til staten om god folkehelse og vil ramme næringslivet ved at treningstilbodet blir for dyrt.
Noreg gir i dag mykje meir momsfritak for treningstilbod enn resten av Europa. Hovudpunktet til skattekommisjonen for moms på trening var ei forenkling av dagens ordning.
– Dagens system har tre satsar og mange unntak, sa leiar for kommisjonen, Eigil Knutsen (Ap), då han la fram rapporten i juni.
Kommisjonen vil bruke dei ekstra pengane på tiltak som jamnar ut forskjellar eller gi folk mindre skatt på inntekt.
Berre Frp nekta å vere med i skattekommisjonen, medan Raudt trekte seg før rapporten blei lagt fram.
PS! Det er ikkje første gong eit forslag om moms på treningssenter blir lansert. Finansminister Jens Stoltenberg (Ap) prøvde sjølv då han var statsminister i 2000 som del av den store meirverdireforma. Saka vekte eit veldig engasjement, og det blei samla inn 42.000 underskrifter i protest. Året etterpå skrinla Arbeidarpartiet planane.








