KrFU vil fjerne hatparagrafen: – Skivebom
Hatparagrafen kan ha ein nedkjølande effekt på ytringsfridomen, meiner KrFU. Ungdomspartia SU og AUF meiner hetsen mot politikarar og minoritetar er ein større trugsel.

Knut Haraldsen er sentralstyremedlem i KrFU. Foto: KrFU
– Lovteksta gir lite rettleiing til kva som treffest av lova. Det kan føre til at folk held att meiningar fordi dei er usikre på kva som rammast.
Det seier Knut Haraldsen, sentralstyremedlem i KrFU i Dagsnytt 18 tysdag på NRK. Ungdomspartiet vedtok på landsmøtet i helga at dei vil fjerne paragraf 185 mot hatefulle ytringar, ofte kalla hatparagrafen.
Haraldsen er bekymra for at paragrafen har ei nedkjølande effekt på ytringsfridomen.
– Vi veit frå undersøkingar at fire av ti unge ikkje tør å seie kva dei meiner, difor meiner vi dette er rett for å styrke ytringsfridomen, seier Haraldsen.
Vil heller arbeide mot rasisme

Jonas Aleksander Foldnes er 1. nestleiar i Sosialistisk Ungdom. Foto: Privat
Jonas Aleksander Foldnes, 1. nestleiar i Sosialistisk Ungdom, reagerer sterkt på vedtaket.
– Først og fremst synest eg det er litt skivebom. Vi veit det at vi har store problem med ytringsfridomen i dag, men problemet er jo ikkje at dei som spreier drit, blir straffa.
Foldnes peikar på at hatefulle ytringar er ein av tinga som avgrensar kven som tør å ytre seg offentleg.
I 2025 handla nesten 4 av 10 meldingar til politiet om hatefulle ytringar, ifølgje politiet. Av 1123 meldingar vart 569, over 50 prosent, lagde bort utan oppklaring. SU-politikaren meiner for mange av meldingane blir lagde vekk.
SU vil heller fokusere på å styrke hatkrimgrupper hjå politiet rundt om i landet, og ha ein handlingsplan for rasisme i skulen.
– Problemet er at altfor få blir straffa. Vi veit at veldig mange politikarar slit med å halde seg aktive og halde motivasjonen oppe, fordi dei får masse drit slengt etter seg.
Hets mot politikarar
For litt over ei veke sidan varsla stortingsrepresentant Marian Hussein frå SV at ho vurderer å gi seg i partileiinga på grunn av hets. Då ho vart vald inn i 2021, var ho den første representanten med hijab, og den første kvinnelege representanten med somalisk bakgrunn.
Kva er hatparagrafen?
Paragraf 185 mot hatefulle ytringar blir kalla hatparagrafen. Dette er lova som gjer det ulovleg med hatefulle og diskriminerande ytringar mot andre personar.
Ytringane kan basere seg på ein person si hudfarge, etnisitet, religion, livssyn, seksuell orientering, kjønn eller funksjonsevne.
Hussein har fortalt at hetsen ho har fått, kostar mykje, og at ho ikkje ville tilrådd politikken til yngre jenter i familien sin.
AUF melde fleire ytringar mot ungdomspartileiar Gaute Skjervø til politiet, som vart lagde vekk i august. Etter partiet varsla om at Fawsi Warsame er innstilt som ny leiar av ungdomspartiet, fekk også han fleire hetsande kommentarar, og VG måtte blant anna stenge kommentarfeltet under artikkelen om innstillinga.
– Eg trur vi er mange unge politikarar som har eigne historier å fortelje om hat og hatytringar, så eg synest det berre blir heilt feil fokus, seier Jonas Aleksander Foldnes.
Fungerer ikkje etter intensjonen
Fleire er usamde med vedtaket til KrFU. Studentenes og akademikernes internasjonale hjelpefond (SAIH) kallar det eit «provoserande dårleg forslag» på Instagram. Magnus Vassvik, sentralstyremedlem i AUF møtte også til debatten i NRK.
– Viss målet er å spreie hat, om du krenker minoritetar på bakgrunn av deira bakgrunn, så skal det vere ulovleg, seier Vassvik.
Haraldsen frå KrFU meiner derimot hatytringar er vanskeleg å definere og ullent å etterforske for politiet. Han meiner også det er eit prinsipielt problem at staten skal regulere kva som er akseptable haldningar.
– Dagens lov fungerer openbert ikkje etter intensjonen, men vi meiner det blir feil å stramme inn. Det er uansett ulovleg med trugslar og vald, poengterer KrFU-politikaren.






