Unge blir mobba på ny app

Ungdommens bystyre i Trondheim fekk skulenettverket stengt for nedlasting av appen.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Du er stygg, og har bare en venn, så stikk t helvete idiot..» «Hvorfor er du så jævlig feit og stygg?» «Jeg hørte at du e homo e det sant». «Sant at du har bulimi? Håper du spyr ut all maten og at det fungerer».

Det er blant meldingane som har blitt sendt anonymt til ungdomar i Trondheim, skriv Adresseavisen.

Appen Kiwi-Q&A er utvikla av det amerikanske selskapet Chatous. Kven som helst kan oppretta ein brukar, og senda anonyme spørsmål eller meldingar til andre brukarar. Når meldingane blir svart på, kjem identiteten til dei som svarar opp for alle.

IT-avdelinga i Trondheim kommune fekk spørsmål frå Ungdommens bystyre tysdag førre veke, og stengte tilgangen frå skulenettverket dagen etter.

– Det er flott at ungdomane tar tak i dette. Det er vanskeleg for oss å følgja med på slike appar og nettstadar, seier leiar for IT-avdelinga, Kari Morken, til avisa.