Regjeringa ber om at sosiale medium-avgrensingar også skal gjelde i Noreg

Den norske regjeringa har sendt eit brev der dei ber Meta om å ta effektive grep for å vareta unge brukarar

Ragnhild Marie Kjosbakken
Publisert

Denne saka vart først publisert av systeravisa vår, Framtida Junior.

Nyleg blei det kjend at Meta vil innføre avgrensingar i sine sosiale medium, for barn og unge i USA. No har den norske regjeringa sendt brev til Meta med ønskje om dei same avgrensingane i Noreg.

Det skriv NRK.

Som følgje av eit søksmål mot Meta i USA måtte selskapet gjere store endringar i dei sosiale media Facebook og Instagram for å beskytte barn og unge under 18 år.

No vil regjeringa at dei same endringane skal gjelde i Noreg. Nyleg sende den norske regjeringa eit brev til Meta, der bodskapen var at dei håpar at Meta tek effektive grep for å vareta unge brukarar, inkludert dei norske.

– Vi legg til grunn at det som er vedteke i USA også bør gjelde her i Noreg, der vi er opptekne av å beskytte særleg norske ungdommar, seier statsminister Jonas Gahr Støre til NRK.

Dette er endringane regjeringa håpar blir gjeldande for alle i Noreg under 18 år som bruker Instagram og Facebook:

  • Maks to timar samanlagt bruk per dag.
  • Nattestengt mellom midnatt og 06.00 på morgonen.
  • Likarklikk blir skjulte på eigne profilar og på profilar dei er i kontakt med.
  • Varslingar blir dempa mellom 08.00 og 15.00 på skuledagar (skulemodus).
  • Varsling etter 15 minutts samanhengande bruk, i tillegg til varsel når ein har brukt 60 og 90 minutt totalt.
  • Moglegheit til å velje ein feed som ikkje er algoritmedriven.
  • Moglegheit til å skru av automatisk avspeling av videoar.
  • Ekstreme skjønnheitsfilter vil ikkje lenger vere tilgjengelege.