Èin av tre har høgare utdanning

Over 1,3 millionar personar i Noreg har no høgare utdanning. Det utgjer nesten kvar tredje person, viser nye tal frå Statistisk sentralbyrå.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Per 1. oktober hadde 714.166 kvinner og 587.864 menn høgare utdanning, viser dei nye SSB-tala.

Delen personar med høgare utdanning har auka jamt i mange år, og har auka meir blant kvinner enn blant menn.

28 prosent av mennene og 35 prosent av kvinnene i befolkninga på 16 år eller meir har fullført ei høgare utdanning.

Forskjellane kjem av først og fremst av at ein mykje høgare del kvinner enn menn har fullført ei såkalla kort høgare utdanning, som omfattar universitets- eller høgskuleutdanning på til og med fire år.

26,8 prosent av kvinnene og 18,6 prosent av mennene hadde ein kort høgare utdanning per 1. oktober i fjor. Samtidig hadde 9,7 prosent av mennene og 7,7 prosent av kvinnene ein lang høgare utdanning, som betyr utdanningar på meir enn fire år, og forskarutdanning.

Samtidig er delen menn med vidaregåande skule som høgste fullførte utdanning på 45 prosent, mot 38 prosent for kvinner.

For alle aldersgrupper i befolkninga er det kvinner frå 25 til 39 år som er høgast utdanna. (©NPK)