Historisk rakettoppskyting frå Andøya
Etter fem mislukka forsøk, klarte selskapet Isar Aerospace å skyte opp ein rakett frå Andøya i Nord-Noreg. Raketten går no bane rundt jorda.
Denne saka er skriven av søsteravisa vår Framtida Junior.
I mars 2025 forsøkte det tyske romfartsselskapet Isar Aerospace for første gong å skyte opp ein rakett frå Andøya. Målet med oppskytinga var å lære meir om korleis ei rakettoppskyting kan bli så vellukka som mogleg.
Dette forsøket enda i at raketten eksploderte etter 30 sekund i lufta.
Etter dette har det vore planlagt fire nye forsøk på oppskyting. Ved eitt tilfelle vart oppskytinga utsett mellom anna på grunn av vêret. Dei tre andre gongane vart oppskytinga avlyst på grunn av feil med raketten.
Laurdag var Isar Aerospace klart for eit sjette oppskytingsforsøk, og denne gongen gjekk alt etter planen.

Raketten Spectrum 2 blir frakta til oppskytingsstaden Andøya Spaceport. Foto: Isar Aerospace
I bane rundt jorda
Raketten med namnet Spectrum 2, er den første som har blitt skoten opp frå Nord-Europa og som har sendt lasten i bane rundt jorda, skriv NRK.
– Dette er ein historisk dag! Den vellukka utskytinga frå Andøya er eit gjennombrot for Noreg som romnasjon, skriv statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) i eit innlegg på Facebook.

Store krefter i sving i det raketten blei skoten ut. Foto: Isar Aerospace
Den vellukka oppskytinga har vist at det er mogleg å sende opp satellittar frå Noreg. Ein satellitt er eit instrument som går i bane rundt jorda, som til dømes kan brukast til kommunikasjon, måling og observasjon. Satellittar blir sende ut i denne banen med rakettar.
– At vi kan skyte opp satellittar frå Andøya styrkar norsk og europeisk sikkerheit i den urolege tida vi lever i, seier næringsminister Cecilie Myrseth (Ap) i ei pressemelding.






