FN skal røyste over nytt verdskart
Det alternative kartet viser Afrika i «rett» storleik.
FN røyster i dag over å ta i bruk eit nytt verdskart der forholda mellom landa er endra. På dette kartet er Afrika mykje større.
Det er Togo som har tatt initiativ til resolusjonen under kampanjen «Correct The Map».
– Dette er ikkje ein politisk diskusjon, men ein vitskapleg diskusjon, for det er vitskapleg bevis, så vi må alle akseptere realiteten, seier Togos utanriksminister Robert Dussey.
Forslaget skal ha støtte frå dei 55 medlemslanda i den Afrikanske Unionen.
Vesle Afrika
Når ein skal lage eit flatt kart av ein globe, må ein gjere visse val om korleis storleik og avstand skal representerast. Kartet vi er vane med å sjå, er kalla Mercator-projeksjonen. På dette kartet vert område sør og nord på kloden uforhaldsmessig store sett opp mot områda som er nær ekvator.
Det fører til at Grønland og Afrika ser like store ut på dette kartet, sjølv om Afrika i realiteten er 14 gonger større en Grønland. Mercator-kartet vart introdusert i 1569, og har vore den globale standarden sidan.
Kan påverke maktdynamikkar
Ifølge historikarar og geografikarar spring dette Mercator-kartet ut frå vestlege stereotypar, og aktivistar kallar det «kartografisk kolonialisme». Nokon meiner kartet kan bidra til å forme internasjonale maktdynamikkar, ved å minimere den fysiske storleiken til det globale sør, og blåse opp nasjonar på den nordlege halvkula.
FN-resolusjonen, viss den går gjennom, vil ikkje forplikte nokon til å bruke det nye kartet, men det kan føre til endringar i pensum, teknologiske verktøy og hos styresmakter.










