24.-31. august fann den niande utgåva av Oslo Pix stad i, vel, Oslo. Her er fem høgdepunkt frå ei spennande veke.
«The History of Concrete»
(USA, 2026, regi John Wilson, 1t 41m)
Første film på Oslo Pix blei den vennene mine hadde prata mest om: The History of Concrete. Det er ikkje feil å kalle han ein dokumentar om betong, men det er heller ikkje særleg dekkande.
Dette er første langfilmen til John Wilson, mest kjent for TV-serien How to with John Wilson.
Den har eg ikkje sett, men det har fleire av mine kjære venner, som nærmast blei ekstatiske då dei såg denne filmen dukke opp på Pix-programmet.
Oslo Pix
Kva? Ein årleg filmfestival arrangert av Stiftelsen Festivalkontoret, som også arrangerer festivalane Film fra Sør og Arabiske filmdager. Festivalen samlar store og små filmar frå Noreg og utlandet, med internasjonale gjestar og fleire norske premierar. Festivalen har også eigne bransjearrangement.
Kor? Ulike kinoar i Oslo, i år på Klingenberg kino, Vega scene og Cinemateket.
Når? 24. august – 30. august i 2026
Endeleg forstår eg kvifor.
Wilson som dokumentarskapar er full av overraskingar. I utgangspunktet er dette ein film om betong, inspirert av regissøren sine eigne erfaringar med materialet i New York, men denne tematikken tek turen i stadig rarare retningar. Wilson har ein tydeleg forkjærleik for originale typar, med ein personlegdom som gjer folk villige til å opne seg. Ein veit aldri kva som kjem til å hende, og det er verkeleg gøy.

Foto: Nordisk Film Distribusjon
The History of Concrete ber preg av, og er open om, at det er ein film som finst fordi Wilson måtte lage noko. Det er eit toegga sverd: Den litt desperate energien tek han og sjåaren i mang ei uventa, underhaldande retning, men filmen kjennest tidvis litt lang og retningslaus.
Det er likevel ein liten pris å betale for dei augeblikka av filmmagi, like absurd som han er menneskeleg, som Wilson får ut av sine mange stjerner.
Eg gler meg skakk til å sjå How to no.
«Mors drenge»
(Danmark, 2026, regi Jesper Dalgaard, 1t 37m)
Det er allment kjent at ein ikkje skal dømme ei bok basert på omslaget, men på filmfestival kan eg skammeleg innrømme at plakaten både trekker meg til og drar meg frå visse filmar.
Nett kvifor eg trudde Mors drenge var ein fiksjonsfilm basert på den Medusa-inspirerte plakaten, veit eg ikkje, men forventningane mine endra seg liksom då eg fann ut at det var ein dokumentar. Kva har hendt mellom mor og gutane hennar?

Foto: Nordisk Film Distribusjon
Mykje, viser det seg.
Mors drenge opnar med eit brev, etterlatt av avdøde Jette. I det tek ho eit rasande oppgjer med sine fem søner, eit brutalt farvel som dei aldri kan gløyme – og kanskje heller aldri tilgi.
No, tjue år seinare, vel dei likevel å snakke om det. Med bruk av skodespelarar, kulissar som gjenskapar barndomsheimen, og eit team talentfulle musikarar blir brørne inviterte til å gjenoppleve minna med mora, i håp om at dei kanskje kan forstå både ho og seg sjølve.
Resultatet er ein nydeleg utført dokumentar, bygd på førti år med arkivmateriale og brennande kreativitet: Ei spesiell familieforteljing løfta av ypperleg filmhandverk.
«Kortreist»
Få timar før det utselde kortfilmprogrammet Kortreist fekk eg vite at ein ven av meg skulle vise kortfilmen sin der, så då det plutseleg blei eit par ledige billettar igjen, måtte eg trå til.

Foto: Nordisk Film Distribusjon
Akkurat denne visninga blei også innleia av ein «lynpitch», der me fekk sjå eit knippe korte pitchevideoar frå lokale filmskaparar. Så var det opp til dei i salen å stemme på kven av dei som skulle få 15 000 kr til nettopp sitt prosjekt, som blei annonsert der og då. Demokrati!
Som med dei fleste kortfilmprogram var det ikkje alt eg såg her som trefte meg, men generelt var kvaliteten og variasjonen veldig bra, med godt spenn i både stil og tematikk.
Eg let meg spesielt sjarmere av kortdokumentaren Jeg bor også her av Joakim Reme Thorendahl og Aurora Hannisdal. Her får me møte Subas, ei eldsjel som dedikerer tida si til å sørgje for at folk har det bra i den kommunale bustadblokka der han bur, enten det er snakk om å vaske, dele ut iskrem eller måle blomsterkassar. Ein skikkeleg fin film om ein skikkeleg fin fyr!
«Suser avgårde»
(Noreg, 2026, regi Rikke Gregersen, 1t 24m)
Då eg fekk festivalpasset mitt, var noko av det første eg gjorde å skaffe billett til «Uten tittel».
Dette var eit nytt konsept for Pix i år: Ei tidleg overraskingsvisning av ein film som skal på kino til hausten.
Det blei Rikke Gregersen sin spelefilmdebut Suser avgårde, og kanskje festivalhøgdepunktet for meg.
På utsida er det egentleg ikkje ein film som eg forventa så mykje av: Ein dramakomedie om overgangen frå «ung vaksen» til «vaksen», full av kjærleiksdrama, og sett til coverversjonar av deLillos-songar, eit band eg har så godt som null forhold til.
Det betyr lite i møte med ein såpass finstemt film. Suser avgårde følgjer fire venner gjennom eit år fullt av store og små endringar. Karakterane er ufordragelege og sympatiske i like mengder, som gjer det lett å le både av og med dei i den småkaotiske kvardagen.
Eg vil spesielt trekkje fram Sarah Francesca Brænne sin prestasjon som Agnes, ein strevande musikar med eit trøblete av-og-på forhold til eksen. Brænne er eitt av dei fjesa eg alltid er glad for å sjå dukke opp i norsk film, og her er ho direkte magisk. Ho uttrykker seg på ein herleg intens, underhaldande måte, utan at det går på kostnad av emosjonell djupne.

Sarah Francesca Brænne i «Suser avgårde». Foto: Torjus Thesen / Ymer Media
Det er sjeldan eg kosar meg så mykje med ein rolleprestasjon som det eg gjorde her, og det er berre eitt av mange element som funkar fjell i Suser avgårde. Hysterisk morosam og hjarteskjerande på akkurat dei rette stadane, og ei varm anbefaling.
«Barrio Triste»
(Colombia, USA, 2025, regi Stillz, 1t 24m)
Eg har ikkje noko forhold til regissør Stillz, som er best kjent for sitt arbeid som fotograf og med musikkvideoar for artistar som Bad Bunny og Lil Nas X. Ei blanding av interesse for «found footage»-fiksjonsfilm – filmar der kameraet er ein anerkjent del av universet – og ein fascinasjon for arbeidet til Harmony Korine, som har produsert filmen, drog meg likevel til Barrio Triste.
Det er eg glad for.

Frå filmen «Barrio Triste». Foto: Nordisk Film Distribusjon
Sett til eit fattig nabolag i Medellí i Colombia på 80-talet følger filmen ein gjeng unge menn som dokumenterer den brutale kvardagen med eit stole videokamera.
Barrio Triste er ein av dei filmane som er lettare å tenke på enn å prate om, ein flaum av nesten meiningslause hendingar som gradvis blir til noko anna. Ljodsporet, laga av elektronikaartisten Arca, bevegar seg mellom det svevande, nesten overnaturleg vakre og det brutalt harde – ljod som set seg som ein kniv i pulsen. Kombinert med den ufiltrerte kjensla til videokameraet gir det noko djupt urovekkande til heile Barrio Triste, og den kjensla veks heilt til siste stund.
Vond å sjå, men verdt å få med seg.






