The Odyssey – Meir Dark Knight enn antikkens Hellas, og det fungerer spektakulært
The Odyssey er ei god gjenforteljing nettopp fordi han let seg inspirera av originalverket på sine eigne premissar, skriv filmmeldar Rakeb Berhanu Erana.
Forteljingar om menn på endelause ferd er ikkje noko nytt for Christopher Nolan. Han har gitt oss spektakulære døme som The Prestige, Inception, Interstellar og fleire. Ingen moderne filmskapar har opparbeidd like mykje erfaring med å fortelja helten si reise som Nolan. Då er det naturleg at han prøver seg på sjølvaste Odysseen: Eit av dei viktigaste litterære verka i vestleg historie, sjølve grunnmuren for helteforteljingar og opphavet til ordet «odysse» som i dag brukast om lange reiser.
The Odyssey
Nasjonalitet/språk: USA, engelsk
Regi: Christopher Nolan
Noregspremiere: på kino 17. Juli
Aldersgrense: 12 år
Sjanger: Episk, fantasi, action
Filmlengde: 173 minuttar
Og Nolan lukkast utruleg godt. Han har klart å omsetja dei store forteljingane frå Odysseen som har halde seg gjennom tusenår til eit dagsaktuelt publikum. Eg kan berre skildra filmen som episk.
Skodespelarensemblet i The Odyssey består av kvar einaste Hollywood-stjerne ein kan tenkja seg: Matt Damon (Odyssevs), Tom Holland (Telemakos), Anne Hathaway (Penelope), Robert Pattinson (Antinoos), Lupita Nyong’o (Helena og Klytaimnestra), Zendaya (Atene) og Charlize Theron (Kalypso).
Alle skodespelarane nemnde ovanfor leverer spektakulære presentasjonar med ei emosjonell djupne og oppriktigheit eg ikkje har sett i ein storfilm på lenge. Spesielt Ann Hathaway som gjev ei forfriskande framsyning av Penelope fylt med sorg, lengsel og jernhard resolutt tilvære.
Til og med dei mindre rollene er spelte av kjende skodespelarar, mellom andre Elliot Page og John Leguizamo. Sjølv med lite tid på skjermen, gir både Page og Leguixamo liv til desse bifigurane, noko som vidare fyller ut filmen sitt univers.
Handlinga tek til etter den trojanske krigen. Hovudkarakteren Odyssevs, kongen av Ithaka, blir kasta ut på ei lang og utfordrande reisa heim att etter krigen. På ferda møter han og mannskapet hans både monster og gudane sitt sinne. På heimeøya Ithaka ventar kona hans, dronning Penelope, og sonen Telemakos. Medan Penelope ventar på Odyssevs sin retur, har ho blitt overteken av friarane som ynskjer å bli konge. Heile Ithaka er overtydd om at Odyssevs er død, men familien og dei trufaste følgjarane held framleis på håpet om at han skal komme attende.
The Odyssey varar i heile tre timar, men han kjennest ikkje slik. Kvar akt, kvar sene og kvart klipp inneheld akkurat nok informasjon til å korkje vera overflødig eller for tynn. Spenninga held seg oppe gjennom kvar slåstkamp, alle samtalar mellom karakterane og kvart einaste bilete på skjermen.
Kinematograf Hoyte van Hoytema og komponist Ludwig Göransson løftar filmen med sine bidrag: Den visuelle stilen og lydbilete gjer filmen levande. Desse elementa utfyller kvarandre, og saman med handlinga skapast det balanse mellom det overnaturlege og realistiske i filmen.
Nolan har ein særeiga stil, og han held seg konsekvent til han. Denne røffe stilen er prega av mørke fargar og ein generelt industriell estetikk. Sjølv når handlinga skildrar livlege scenar, er dei varme fargane monotone. Dette står i kontrast til det fargerike, poetiske antikkens Hellas. The Odyssey liknar meir på The Dark Knight enn på sjølve originalmateriale, dersom ein ser vekk frå handlinga.
Men dette er faktisk ikkje noko negativt.
Eit 2800 år gammalt verk treng ikkje endå ei trufast gjenforteljing, det har me hatt nok av i ulike medium gjennom historia. The Odyssey er ei god gjenforteljing nettopp fordi han let seg inspirera av originalverket på sine eigne premissar.
Slik held gamle forteljingar seg i livet, uansett kva tid me lever i: Dei skildrar grunnleggjande opplevingar og kjensler om krig, død, spiritualitet, lengsel, urettferd og kjærleik som menneske frå alle tider kan kjenna seg att i.
Vår tids storfilmar er i essens det episke dikt var for antikkens Hellas.
Nolan, som ein av vår tids leiande filmskaparar, er særleg eigna for slike episke forteljingar nettopp fordi han meistrar å laga gode storfilmar.
The Odyssey prøver ikkje å vera ein historisk nøyaktig attgjeving av Odysseen. Han prøvar å omsetja forteljinga gjennom si eiga tids blikk. Og det lukkast han med.










