Klimasøksmålet startar i Høgsterett: – Eg gler meg til ein endeleg siger

No skal det avgjerast om godkjenninga av dei tre olje- og gassfelta Breidablikk, Tyrving og Yggdrasil er ulovleg. Etter at staten tapte i både tingretten og lagmannsretten, skal Høgsterett ta ei endeleg avgjerd.

NTB-NPK
Publisert

– Ingen er heva over lova, og ho er krystallklar: Tingretten og lagmannsretten har slått fast at desse oljefelta er ulovlege. No ser me fram til å få dette stadfesta ein gong for alle i Høgsterett, seier Greenpeace-leiar Haldis Tjeldflaat Helle til NTB.

Også leiar i Natur og Ungdom, Sigrid Margrethe Hoddevik Losnegård, trur Høgsterett kjem til same konklusjon som tingretten og lagmannsretten.

– Eg gler meg veldig til me har fått ein endeleg siger i Høgsterett, seier ho.

– Det absolutte minste me kan be om, er at staten følgjer sine eigne lover, og at nye løyve til oljefelt er bygde på eit korrekt og nøye utgreidd faktagrunnlag, men sjølv ikkje det ønskjer regjeringa å forhalda seg til, meiner Losnegård.

Lang kamp

Saka starta i 2023, då Greenpeace og Natur og Ungdom saksøkte staten for ikkje å ha greidd ut globale klimaverknader frå forbrenningsutslepp før dei godkjende olje- og gassfelta Tyrving, Breidablikk og Yggdrasil.

Måndag møtest partane til endå ein runde i retten.

– Energidepartementet er ueinig i dommen til lagmannsretten og har derfor anka han vidare til Høgsterett, seier regjeringsadvokat Fredrik Sejersted.

Han fører saka for Energidepartementet saman med Gøran Østerman Thengs.

Staten meiner at vurderingane som vart gjorde før godkjenninga, var grundige nok, og at eventuelle saksbehandlingsfeil er retta opp i etterkant.

Miljøorganisasjonane meiner godkjenningane er ugyldige etter norsk petroleumsrett, Grunnlova, EØS-retten og Den europeiske menneskerettskonvensjonen. Dei meiner at staten ikkje kan reparera manglande førehandsutgreiingar i etterkant utan at borgarar og fagmiljø har fått uttala seg i tide.

Produksjonen ved Breidablikk starta i oktober 2023, medan oppstarten ved Tyrving var i september året etter. Produksjonen ved Yggdrasil skal etter planen starta i 2027.

– Svært grundig utgreidd

Borgarting lagmannsrett gav staten seks månader til å behandla konsekvensutgreiingane på nytt. Det har dei no gjort, sjølv om staten var ueinig i at det trongst ei ny saksbehandling. Regjeringa vedtok 12. mai å halda oppe vedtaka.

– Etter vårt syn er godkjenningane av dei tre prosjekta Breidablikk, Tyrving og Yggdrasil no svært grundig utgreidde, i fleire rundar, og tilfredsstiller alle krava i lova, seier Sejersted.

– Me ser fram til ei god behandling i Høgsterett og ei avklaring av krava for konsekvensutgreiing av klimautslepp ved forbrenning i utlandet av olje og gass som er produsert på norsk sokkel, seier han.

Høgsterett behandlar saka i storkammer, som vil seia at elleve dommarar deltek i staden for det vanlege talet på fem dommarar. Storkammer blir brukt i saker av særleg betydning. Saka blir behandla 24.–27. august.