Karpe får Fritt Ords Honnør
Rappduoen Karpe blir heidra for å setja ord på erfaringar mange unge med minoritetsbakgrunn ber på. No får duoen prisen Fritt Ords Honnør.
Rappduoen Magdi Omar Ytreeide Abdelmaguid og Chirag Rashmikant Patel har fått Noreg til å lytta til forteljingar som ofte krev kamp for å bli høyrde, heiter det i grunngivinga frå Fritt Ord.
– Karpe har ei unik evne til å fanga opp samfunnsstemninga og samtidig setja kritiske spørsmålsteikn ved henne. Tekstane til rappduoen har vorte heftig debatterte i offentlegheita og har reist spørsmål om menneskeverd, solidaritet, kunstnarisk fridom og diskriminering, seier Bård Vegar Solhjell, styreleiar i Stiftelsen Fritt Ord.
Stiftinga trekkjer fram at Karpe sidan starten har skrive tekstar som tek for seg integrering, tilhøyrsel, utanforskap og rasisme.
– Ja, Karpe lever av ytringsfridommen. Men frie ytringar lever òg av røyster som dei, seier Solhjell.
Fylte Ekebergsletta
Karpe vart danna i 2000 – då under namnet Karpe Diem. Dei har hatt stor suksess og mellom anna vunne 13 spellemannprisar.
I april avslørte Abdelmaguid og Patel at dei legg opp i 2028. Men før det samla dei to heile 105 000 tilskodarar fordelt på tre kveldar under sin eigen store festival Karpe World på Ekebergsletta i starten av juli. Billettane vart utselde på berre fire minutt då dei vart sleppte i september i fjor.
I 2022 spelte Karpe ti utselde konsertar i Oslo Spektrum, òg då fekk over 100 000 oppleva gruppa.
I haust legg dei ut på sin aller siste turné, og når han er ferdig, er det slutt for den populære rappduoen.
I eit intervju med NTB i april slo duoen fast at det ikkje blir noko comeback.
– Karpe skal døy. Karpe avsluttar jo, så den fisken er ferdig, sa Abdelmaguid då.
150 000 kroner og ein gravert vase
Prisen Fritt Ords Honnør er ein ytringsfridomspris som gjerne blir tildelt i samband med ei aktuell sak.
Honnør kan delast ut fleire gonger i året, og mottakaren får 150 000 kroner og ein gravert vase.
Tidlegare i år fekk Foreningen for offera til Nav-skandalen prisen. Fritt Ords grunngiving var då at foreininga har jobba «for å krevja offentlegheit og openheit i ei sak der styresmaktene har gjort feil som har gått utover mange menneskes rettstryggleik».









