FpU stadfestar varselsak mot leiar
Varselet om skjenking av alkohol og uønskt seksuell merksemd mot ei 17 år gammal jente skal ha kome før sommarferien.
Framstegspartiets Ungdom (FpU) skal torsdag behandle ei varslingssak mot partileiar Lars Barstad Løvold. Det stadfestar partiet til VG onsdag.
Generalsekretær Maia Søe Paulsen skriv til avisa at ho ikkje kommenterer interne saker medan dei i blir behandla.
– Saka er motteken og blir behandla på lik linje med andre varsel i FpU, og skal etter våre rutinar behandlast av organisasjonsutvalet, skriv ho.
TV 2 omtalte tysdag varselet mot leiaren. Det skal ha blitt sendt inn før sommarferien, frå leiaren i eit fylkeslag. I varslinga blir det lagt fram at Løvold skal ha retta uønskt seksuell merksemd mot ei 17 år gammal jente, og skjenka ho alkohol. Det blir omtalt som maktmisbruk i varselet.
Løvold har ikkje kome med sin eigen versjon av hendingane. Han sa til TV 2 under Arendalsuka i førre veke at han ikkje kjende seg att i påstandane. Han har ikkje ønskt å kommentere saka vidare.
Ungdomspartiet har vore i hardt vêr den siste veka. Alkoholkulturen har blitt diskutert etter at ein 15-åring varsla leiinga om festing på sommarleiren, ifølgje VG. Tysdag vart det klart at FpU vil endre alkoholreglane på sommarleiren.
Politiet rykka ut til sommarleiren i starten av august etter varsel om eit mogleg overgrep, og ein person vart pågripen og sikta for valdtekt. Saka vart lagt bort førre veke på grunn av bevisets stilling. Politiadvokaten meiner det ikkje er grunnlag for å ta ut tiltale i saka.
FpU-leiaren har også andre skuldingar mot seg. Ifølgje anonyme kjelder til Avisa Oslo skal Løvold ikkje ha erklært seg inhabil då partiet ekskluderte den dåverande lokallagsleiaren i Oslo før årets landsmøte. Lokallagsleiaren var politisk utfordrar til Løvold sin kjærast, Angelika Bjørnerud, som er nestleiar i FpU i Oslo.






