Medlem av FpU sikta for valdtekt på sommarleir

Agder politidistrikt rykte ut til FpU sin sommarleir etter ei melding om eit mogleg overgrep. Ein person er no sikta.

Einar Nygaard
Publisert

Eit medlem av Framstegspartiets ungdom (FpU) er sikta for valdtekt under sommarleiren deira på Hove i Arendal i starten av august. Det melder TV2.

Agder politidistrikt seier til TV2 at dei rykte ut til sommarleiren etter ei melding om eit mogleg overgrep.

– Den pågripne blei avhøyrt etterfølgjande dag, og deretter lauslaten, seier politiadvokat Elin Rike Johansen ved Agder politidistrikt i ein e-post til TV2

FpU-leiar Lars Barstad Løvold ønska ikkje kommentere politiet si utrykking eller pågriping til TV2. Han viser til at FpU har eigne vedtekter og eit eige organisasjonsutval som behandlar slike saker.

Generalsekretær i FpU, Maia Paulsen, seier dei handterer fleire negative saker frå ungdomsleiren.

– Diverre har det vore enkelte hendingar vi tek på alvor, og som vi følgjer opp i desse dagar, seier ho til kanalen.

FpUs generalsekretær vil ikkje fortelje noko om kva dei andre hendingane ho viser til, gjeld.