Arkeologisk utgraving: Gjer tusenvis av forhistoriske funn

I steikande sol grev dei seg gjennom betongleire for å forstå fortida. Bli med arkeologane på jobb!

Magnus Rotevatn
Publisert

– Me kallar dette for «knakkeplassen». Det er ei lita tuft, der nokon har sete og jobba med flintstein. Det var ein av tinga som me ikkje føresåg at me skulle finna, for moderne jordbruk har jo ein tendens til å pløya i sund ganske mykje, seier Jessica Leigh McGraw.

Ho er arkeolog hjå Kulturhistorisk museum og viser Framtida.no rundt på eit jorde ved Rygge i Østfold. Saman med kollegaane sine har McGraw fjerna fleire tusen kubikkmeter med jord i jakta på spor frå fortida.

Truleg stammar kulturminna som arkeologane avdekkjer på Rygge frå bronsealderen og jernalderen.

– Me skal gjera karbondateringar i etterkant av utgravinga, for å få ein meir nøyaktig idé om kor på tidslinja me er hen. Gjenstandsfunna gjev oss uansett ein peikepinn, seier McGraw.

Ho forklarar at flintproduksjon til dømes var noko ein dreiv med i bronsealderen og steinalderen, men ikkje jernalderen. Dimed veit arkeologane at flintavslaga må vera frå før jernalderen starta.

Les også: Korleis finn arkeologane ut kor gamalt noko er?

Når var dei arkeologiske periodane?

I Noreg er forhistoria delt inn i desse periodane:

Steinalderen: 10 000–1800 f.Kr.

Bronsealderen: 1800–500 f.Kr.

Jernalderen: 500 f.Kr. – 1050 e.Kr.

Vikingtida: 750–1050 e.Kr.

Mellomalderen 1050–1537 e.Kr.

Kjelde: Universitetet i Bergen

– Me har funne nesten to tusen avslag i det vesle området som «knakkeplassen» er. Det er veldig konsentrert og same type flint.

McGraw forklarar at det truleg betyr at nokon har sete der og jobba med det same emnet.

– Dei har slått bitar av emnet og redusert det ned til den ynskte forma.

I bronsealderen laga dei mellom anna pilspissar, dolkar og sigdar av flint.

McGraw seier at flint ikkje finst naturleg i Noreg. Råstoffa må difor ha blitt importerte.

Misvisande periodenamn

– Namnet bronsealder er eigentleg litt misvisande, for det blei framleis brukt mykje stein. Bronsen var eksklusiv og meir brukt til smykke og pynt, seier arkeolog Torgeir Winther.

Han viser fram ein del av ei øks som eit døme på noko bronsealdermenneska laga av stein.

– Dette er baksida av eit øksehovud. Du kan sjå at dei har drilla gjennom frå båe sidene. Det er ein veldig typisk gjenstand frå slutten av steinalderen og bronsealderen, seier Winther.

Han forklarar at arkeologane har funne relativt få gjenstandar av bronse.

– Ting kan ha blitt smelta og støypt om, sånn at det same materialet har blitt brukt fleire gongar. Dimed var det nok fleire bronsegjenstandar i omløp enn me finn, men bronse var likevel ikkje for kvardagsting.

Arkeologane finn også mykje keramikk på Rygge.

– Mesteparten er knust, det er tusenvis av små keramikkbitar her. Men det dukkar opp nokre større delar også. Det er veldig gøy, bronsealderkeramikk er nemleg noko forskarane ikkje veit så mykje om, seier Winther.

– Keramikken verkar veldig gamal

Arkeologane finn mange gjenstandar på Rygge, men også større strukturar. Ein av desse er eit såkalla grophus.

– Grophus er veldig ofte knytte til produksjon eller handverk, men det kan jo vera at ein har drive med andre ting. I dette grophuset har me funne ein slipestein. Det er jo eit tydeleg teikn på at ein har jobba med noko her, kanskje vedlikehalde nokre reiskapar, seier McGraw.

Dei har òg funne fleire slipeplater, og ubrente og brente beinbitar av dyr, som kan vere matsøppel eller lagring av mat.

McGraw fortel at grophus er mest forbundne med yngre jernalder, altså vikingtida og århundra før. Men i dette dømet gjev gjenstandsfunna eit blanda inntrykk.

– Keramikken verkar veldig gamal. Så kanskje huset er eldre, eller kanskje er det berre dårleg produsert keramikk frå vikingtida.

– Feltarkeologar treng ikkje å trena

Winther forklarar at dei såldar jordmassane på Rygge. Det betyr at dei spyler massane med vatn for å sila ut større gjenstandar.

– Sidan me grev i ruter på éin gongar éin meter og med ti centimeter tjukkleik, har me ganske god kontroll på kor funna har lege. Då veit me kva funn som tilhøyrer kva for nokre lag. Det hjelper oss til dømes å seia noko om endringar over tid, seier Winther.

Som hovudregel er ting funne djupt i bakken eldre enn laga som ligg høgare.

McGraw seier at ein på feltarbeid må vera veldig medviten om arbeidsstillingar og slitasje på kroppen.

– Undergrunnen er utruleg kompakt her, eg kallar det betongleire. No grev me manuelt med spade og graveskei. Det er tungt, fysisk arbeid. Feltarkeologar treng ikkje å trena, seier McGraw.