Senterpartiet vil ha slutt på matkasting
Daglegvarebransjen bør påleggjast å gi brukbar mat som elles ville blitt kasta, til frivillige organisasjonar, meiner Senterpartiet.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
SP vil forby matkasting
Partiet vil fremje tiltaket mot matkasting som lovforslag i Stortinget.
– Dette har jo med etikk og respekt for maten å gjere. For oss som er eit matparti gjer det vondt inni hjarterota å sjå kor mykje mat som blir kasta, seier sentralstyremedlem Kathrine Kleveland til avisa.
LES OGSÅ: Franske matvarekjeder får ikkje lenger lov til å destruere mat
Ifølgje Nationen går kvar fjerde handlepose nordmenn kjøper, i søpla. Målet med forslaget er å halvere matsvinnet på ti år. Partiet vil også fremje forslag om at butikkar må selje varer som held på å gå ut på dato, til halv pris.
Landbruksminister Sylvi Listhaug (Frp) meiner også det blir kasta for mykje mat i Noreg, men uttalte i Stortinget onsdag at ho ikkje trur nye forbod eller påbod er vegen å gå. Saman med fire andre statsrådar arbeider ho med ein intensjonsavtale om matsvinn, med mål om ein forpliktande bransjeavtale. (©NPK)
LES OGSÅ: Insekt på menyen