«Fascisten skyt ikkje tilfeldig. Han skyt mot venstresida»
– Åtaket hadde ein avsendar med ein klar politisk agenda, og det hadde eit presist mål, og målet var ungdommen som skulle bere venstresida vidare, skriv Kristoffer Andreas Olstad frå AUF.
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
I mellomkrigstida i Noreg angreip Nasjonal Samlings hirdmenn møta til Arbeidarpartiet. Dei kom med køller og jernstenger. Dei kom for å slå ned arbeidarar som hadde møtt opp for å høyre på politikk. Det skjedde ikkje i Italia eller Tyskland.
Det skjedde i norske byar, i norske gater, fordi fascismen alltid har visst kven han fryktar mest.
Det er ikkje tilfeldig kven fascisten rettar våpenet mot. Det har aldri vore tilfeldig.
Nye åtak og motstand
Då nazistane okkuperte Noreg og byrja å arrestere og drepe norske motstandsfolk, var det kommunistar og sosialistar som vart henta først. I Trøndelag vart unge arbeidarar og fagforeiningsfolk skotne. Nokre av dei song Internasjonalen før dei døydde. Ikkje fordi det var ein song om håp i det augneblikket, men fordi det var den sanne tingen dei visste å seie. At dei høyrde til noko større enn seg sjølve, og at kampen ikkje slutta med dei.
Det er den same songen som vart sungen på Utøya den 22. juli 2011.
Medan Anders Behring Breivik jakta på ungdomar i vatnet, på øya, i skogen, song dei Internasjonalen. Ikkje alle, men det skjedde, fekk vi høyre frå AUF-leiar Gaute Skjervø på førre landsstyremøte, som er ein av dei som overlevde terroren.
Unge sosialistar, AUF-arar, under eit terrorangrep utført av ein mann som i manifestet sitt eksplisitt erklærte krig mot marxismen, mot multikulturalismen, mot den politiske venstresida.
Breivik var ikkje gal i den forstand at han handla utan meining. Han handla med presisjon, mot eit presist mål. Han valde Utøya fordi det var der framtidas norske venstresida samla seg. Fordi AUF er det Arbeidarpartiet rekrutterer frå. Fordi han, som alle fascistar før han, forstod nøyaktig kven fienden var.
Fascismen skyt ikkje tilfeldig
Fascismen og sosialismen er ikkje berre politiske motsetningar. Dei er eksistensielle motpolar. Fascismen er pengemakta si siste forsvarslinje når demokratiet trugar makta hennar, ei rørsle som mobiliserer hat, nasjonalisme og vald for å knuse den organiserte arbeidarklassen.
Det er ikkje tilfeldig at Mussolini vart finansiert av industriherrar. Det er ikkje tilfeldig at noko av det aller første Hitler gjorde ved makta, var å knuse fagrørsla. Det er ikkje tilfeldig at kuppmakarane i Chile i 1973 henta listene sine over kven som skulle arresterast, frå kartoteka til arbeidsgivarforeiningane.
Fascisten skyt ikkje tilfeldig. Han skyt mot venstresida fordi venstresida er den einaste som konsekvent har stått i vegen.
I dag er det femten år sidan Utøya. Vi sørgjer og vi hugsar. Men vi gjer oss sjølve ei bjørneteneste viss vi avpolitiserer det som skjedde, viss vi reduserer det til ein tragedie utan aktør, til vondskap utan ideologi, til eit åtak på «demokratiet» i abstrakt forstand. Åtaket hadde ein avsendar med ein klar politisk agenda, og det hadde eit presist mål, og målet var ungdommen som skulle bere venstresida vidare.
Dei som vart drepne på Utøya, var ikkje berre unge menneske, men framtida til Arbeidarpartiet. Og Breivik visste det.
Sosialistar har alltid vore fascismen sin fremste fiende, fordi vi er dei einaste dei ikkje kan kjøpe, overtyde eller ignorere.
Det finst berre ei ting å gjere med oss, og fascismen har alltid visst det.






