EAT og landbruket lanserer klimasamarbeid
EAT og Norsk Landbrukssamvirke lanserte tysdag eit samarbeid som skal bidra til berekraftig matproduksjon.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Noreg må ta ansvar
Bakgrunnen for arbeidet er at viktige produksjonsareal framover vil produsere mindre på grunn av klimaendringar. Dermed må større areal på land og i sjøen takast i bruk om ein skal produsere nok sunn mat til den veksande befolkninga i verda.
LES OGSÅ: Må alle bli vegetarianarar?
Må brukast
– Vi kan ikkje la svære areal stå ubrukte når vi veit at det er mogleg å dyrke fram livsviktige næringsstoff til dyr og menneske ved å bruke den teknologien vi har opparbeidt gjennom dei siste 20– 30 åra, seier administrerande direktør i Norsk Landbrukssamvirke, Ola Hedstein, til NTB.
Han trekker fram Noregs veksande avhengnad av importert soya, mais og palmeolje til dyrefôrproduksjon:
– Eg trur ikkje folk veit kor avhengig vi er av produksjonsareal i regnskogen for å produsere dette, seier Hedstein.
Gran, tang og tare
Gjennom prosjektet «Foods for Norway» er Landbrukssamvirke og Forskingsrådet i gang med å utvikle alternative matkjelder i Noreg, som dyrking av tang og tare på havbotnen og granskog. Samarbeidet med EAT skal sikre at dette blir berekraftig:
– Noreg må ta ansvar for å produsere meir mat, men det må gjerast på ein sunn og berekraftig måte. Med Norsk Landbrukssamvirke har vi fått store delar av landbruket og den norske matindustrien med på laget, seier Gunhild Stordalen, som er initiativtakar til konferansen EAT, der samarbeidet vart gjort kjent. (©NPK)
Test deg sjølv: Kor berekraftig er du?