Venteliste til studentbustad: – Det er færre enn i fjor

SiO seier det framleis er tidleg i sesongen.

NPK-Gunn Marit Kvåle
Publisert

5710 studentar står på venteliste for studentbustad hos SiO. Talet er 777 færre enn på same tidspunkt i fjor. Ventelistene har så langt i sommar vore lågare enn dei siste åra.

– Det er positivt å sjå at utviklinga går rette vegen, seier administrerande direktør Andreas Eskelund i SiO til NTB.

Han understrekar at det enno er tidleg i sesongen. Situasjonen kan derfor endre seg etter kvart som fleire studentar får avklart opptaket og tek sine endelege val for hausten.

Eskelund fortel at SiO har styrkt studentbustadkapasiteten stort dei siste åra. Det er også sidan hausten 2025 opna nærare 1000 nye studentbustader i Nydalen og på Nordberg, og frå september 2026 vil vi ha rundt 10.500 studentbustader tilgjengelege.

– Samtidig er det viktig å ha litt is i magen. Vi veit at det kan vere ein krevjande og usikker periode, men det er rørsle i køen gjennom sommaren, og fleire får tilbod fortløpande, seier Eskelund.