Frp vil nekte utanlandske statsborgarar å stemme i lokalval

I dag kan utanlandske statsborgarar som har vore folkeregistrerte i Noreg dei siste tre åra. Det vil Framstegspartiet endre.

NPK-NTB
Publisert

Frp vil at berre norske statsborgarar skal kunne stemme ved lokalval. Partiet varslar at det vil fremje forslag om dette i Stortinget til hausten, skriv VG.

– Vi må sørgje for at dei som påverkar politikken, faktisk er norske statsborgarar, seier stortingsrepresentant Erlend Wiborg frå Framstegspartiet til avisa.

I dag kan utanlandske statsborgarar som har vore folkeregistrerte i Noreg dei siste tre åra, stemme ved lokalval. Ved stortingsval er det berre norske borgarar som har stemmerett.

– Vi synest det er underleg at ein ved lokalval har ei anna ordning, som gjer at mange hundre tusen ikkje-norske borgarar har stemmerett. Det meiner vi er ei utfordring, og då må vi sørgje for at det er norske statsborgarar som påverkar politikken i Noreg, seier Wiborg.

Han meiner saka også handlar om tryggleik.

– Dette handlar også om tryggleik. Det er tydeleg dokumentert korleis andre land prøver å påverke norske val. Vi veit at enkelte land styrer diasporaen. Til dømes prøver eritreiske styresmakter i veldig stor grad å styre diasporaen, seier Wiborg.

Ved lokalvalet i 2023 hadde rundt 360.000 utanlandske statsborgarar stemmerett, ifølgje Statistisk sentralbyrå (SSB). Den største gruppa, vel 70.000, var frå Polen.

Både Høgre, Arbeidarpartiet og Kristeleg Folkeparti seier til VG at dei ikkje vil støtte forslaget.