På jobb i steikande sol: – Drikk mykje vatn!
Den siste tida har gradestokken passert 30 grader fleire stader i Noreg. Medan mange søkjer seg til stranda eller skuggen, må andre stå ute på jobb. Framtida har møtt unge arbeidstakarar som fortel korleis varmen påverkar arbeidsdagen.
– Arbeidsdagen blir tyngre i denne varmen, fortel Maya Temmem (24).
Saman med Daria Rabey (21) jobbar ho som vervar for ein dyrevernorganisasjon. Begge tilbringer arbeidsdagen utandørs.
Den siste tida har gradestokken passert 30 grader fleire stader i Noreg.
Rabey fortel at det blir vanskelegare å halde konsentrasjonen enn vanleg på dagar som i dag.
For å handtere varmen legg Temmem og Rabey opp dagen litt annleis enn vanleg.
– Vi rullerer på pausane og har dei oftare enn vanleg sidan vi står her i fem timar, seier dei.
– Elektrolyttar kan òg vere til god hjelp når temperaturen blir høg, legg Rabey til.
Søk skugge når ein kan
Amund Rekve (21) jobbar med å reinske fontenene rundt om i Oslo. For varme dagar har han nokre triks.
– Eg passar på å drikke mykje vatn og halde meg så sval som mogleg, seier han.
Rekve har alltid solkrem liggjande i bilen og køyrer med vindauga opne når han kan.
Til andre som må jobbe ute i varmen har han eit enkelt råd:
– Prøv å plassere deg i skuggen når du har moglegheit.
Må bruke arbeidsklede
Runa Lindblom (22) jobbar som telekommunikasjonsmontør og rykkjer ut når det oppstår feil i telekommunikasjonsnettet. Sjølv om arbeidsdagen kan bli varm, er det ikkje alltid mogleg å kle seg så lett som ein ønskjer.
– Til vanleg kan eg jobbe i shorts, men ikkje når eg skal ned under bakken og fikse nettet, fortel Lindblom.
Ho meiner det viktigaste er å førebu seg på varmen.
– Drikk mykje vatn og kle deg etter vêret så langt det let seg gjere.
Dette seier Arbeidstilsynet
Fungerande seksjonsleiar i Arbeidstilsynet si svarteneste, Kristin Vågenes, skriv i ein e-post til Framtida.no at det ikkje finst noka fast temperaturgrense for når det blir for varmt å jobbe.
– Arbeidsgivar har likevel ei klar plikt til å risikovurdere varmebelastinga og setje inn forsvarlege tiltak, skriv Vågenes.
For arbeidstakarar under 18 år gjeld eit strengare vern, med krav om eiga, oppdatert risikovurdering og informasjon.
Aktuelle tiltak kan mellom anna vere ekstra pausar i skuggen, god tilgang til drikkevatn, solavskjerming og å leggje tungt arbeid til kjøligare delar av døgnet.
Dette samsvarer med det fleire av dei unge arbeidstakarane sjølv fortel til Framtida at dei gjer for å handtere varmen.
For innearbeid bruker Arbeidstilsynet ei rettleiande øvre grense på 26 grader, men dette er ikkje ei rettsleg grense. For utandørsarbeid finst det ingen tilsvarande temperaturgrense.
– Det avgjerande er den konkrete vurderinga av om arbeidsforholda er forsvarlege, seier Vågenes.
Ho understrekar at varme åleine ikkje gir arbeidstakarar rett til å forlate jobben. Men dersom arbeidet inneber ein umiddelbar fare for liv eller helse, kan verneombodet stanse arbeidet.









