SNL-redaktør uroa for KI-feilsiteringar
Den menneskelege trafikken til SNL falle med 25 prosent sidan Google innførte KI-oppsummeringar.
Store norske leksikon opplever at KI-tenester viser til leksikonet som kjelde for opplysningar som ikkje stemmer.
SNL-redaktør Erik Bolstad viser mellom anna til at SNL vart oppgitt som kjelde for at forfattaren Nikolaj Gogol var russisk. I leksikonet blir han omtalt som ein russiskspråkleg forfattar med ukrainsk opphav.
– Der vi blir oppgitte som kjelde, er vi ikkje kjelde. KI genererer teksten og slenger så på referansen. Det er utruleg vanskeleg å kontrollere korleis ei KI-teneste finn opp teksten. Innblanding i kjeldegrunnlaget er superkomplekst, seier Bolstad til Klassekampen.
Sidan Google lanserte KI-oppsummeringar i søk i mai i fjor, har den menneskelege trafikken til SNL falle med 25 prosent, men Bolstad er ikkje uroa for at færre les SNL direkte.
– Men eg blir bekymra når eit av dei største teknologiselskapa i verda fôrar folk med KI-generert feilinformasjon og oppgir oss som kjelde for det. Det blir eg faktisk skikkeleg sint av, seier han.






