EU-kommisjonen varslar aldersgrenser på sosiale medium

Ungdommar bør få gradvis tilgang til plattformer etter 13 år, meiner ekspertar i ein ny rapport som vart lagt fram for EU-kommisjonen måndag.

NPK-NTB
Publisert

Aldersgrenser på sosiale medium bør innførast, meiner leiaren for EU-kommisjonen, Ursula von der Leyen, som måndag fekk ein rapport om saka.

– Dette handlar ikkje om barn kan få tilgang til sosiale medium. Det handlar om når sosiale medium kan få tilgang til barna våre, sa ho.

I den nye rapporten, der ei rekke ekspertar har bidrege, blir ulike retningslinjer og reglar tilrådde for ulike aldersgrupper: Babyar og småbarn bør ikkje ha tilgang til skjermar i det heile, medan barn under 13 år berre bør bruke spesielt tilpassa sosiale medium under rettleiing av vaksne.

Ekspertane ser for seg at ungdommar over 13 år gradvis kan få meir sjølvstendig tilgang.

– Denne rapporten har eg venta på, og det er bra at barns tryggleik på nett blir teken på alvor i EU. Eg har diskutert aldersgrense for sosiale medium med kollegaer i Norden og Europa sidan eg vart barne- og familieminister, og felles for oss alle er at vi er utolmodige, seier barne- og familieminister Lene Vågslid (Ap) i ei fråsegn til NTB.

Von der Leyen meiner forslaget om gradvis tilgang til sosiale medium for ulike aldersgrupper er noko som må vurderast. Ho seier barn under 13 år berre bør ha tilgang til «trygge» plattformer.

Fleire EU-land meiner hovudaldersgrensa for sosiale medium bør vere 15 eller 16 år – og ikkje 13. EU-kommisjonen er venta å leggje fram eit forslag om saka før nyttår.