Slik skriv du ei bokmelding
Lyst å skriva ei bokmelding? Her er instruksjonane til kva du skal gjera.
📚 Kva er ei bokmelding?
Ei bokmelding er ein introduksjon til og vurdering av kvaliteten på ei bok.
Når du introduserer boka, fortel du kva ho handlar om, kven forfattaren er og om det er noko som gjer boka aktuell.
Vurderinga er di eiga meining om kor god eller dårleg boka er. Du identifiserer sterke og svake sider ved boka. Gje gjerne ei tilråding om folk bør lesa boka eller ikkje.
📚 Les boka
Du må sjølvsagt starta med å lesa heile boka. Men det er kanskje lurt å gjera det på ein litt annan måte enn om du berre les for di eiga skuld.
Å skriva meldinga blir mykje lettare viss du tenkjer på ho allereie medan du les. Ha eit kritisk blikk og tenk over kva som funkar og ikkje i boka.
Ta notat! Viss du les ei bok på 400 sider, er sjansen liten for at du hugsar kva du tenkte i byrjinga. Då er skribleria i margen på boka gull verd.
Dersom du finn eit sitat som kan illustrera eitt av poenga dine – marker det, så det er lett å finna att.
📚 Start skrivinga
Når du byrjar å skriva, er det lurt ha ein liten plan. Skriving på måfå blir berre rot.
Å fyrst laga ein disposisjon gjer prosessen mykje lettare. Ein disposisjon er ein plan over kva du skal skriva og rekkjefylgja på ting.
✍️ Døme på disposisjon
- Innleiing – kva heiter forfattaren og boka?
- Kort om kva eg synest om boka: Var ho god eller dårleg?
- Handlingsreferat – kva handlar boka om?
- Vurdering av dei språklege kvalitetane
- Vurdering av karakterskildringane
- Vurdering av handlinga/plottet
- Oppsummering og konklusjon
Når disposisjonen er ferdig, har bokmeldinga fått eit slags skjelett som du kan fylla ut.
Rekkjefylgja på dei ulike delane av meldinga bør ikkje vera vilkårleg. Viss lesaren skal hengja med, må du starta med å gje litt kontekst. I innleiinga bør du opplysa om tittel på boka, sjanger og kva forfattaren heiter.
Men ikkje bli eit leksikon. Prøv å opna bokmeldinga på ein interessant måte. Fang merksemda til lesaren.
✍️ Døme på innleiing
«Kan ei kjærleiksforteljing tematisera raseforsking? Ja, absolutt!
Moa Backe Åstot har gjort nettopp dette med stor suksess med ungdomsromanen Himmelbrann, debutboka hennar. Då ho kom ut på svensk i 2021, blei ho mellom anna nominert til Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris.»
📚 Forstå sjangeren
Viss du skal vera ein fair meldar, kan du ikkje bruka dei same kriteria på alle slags bøker. Ulike sjangrar kjem med ulike krav.
Ei humorbok bør helst vera artig, men det er ikkje eit krav at ei seriøs diktsamling skal få deg til å døy av latter.
Trikset er forstå kva forfattaren forsøkjer å gjera. Deretter kan du gje hen ris eller ros, avhengig om vedkomande lukkast med prosjektet sitt.
Sjangeren til boka avgjer også kva informasjon du tek med i meldinga. Til dømes må du aldri røpa slutten på ei krimforteljing.
💡 Å melda sakprosa
Å melda sakprosa er noko ganske anna enn å skriva om skjønnlitteratur. Det er ikkje fantasien til forfattaren som skal vurderast, men evna til å argumentera, forklara og formidla.
Ting du må tenkja på viss du skal melda sakprosa:
- Har forfattaren truverd? Har hen gode kjelder?
- Er eventuelle argument logiske og gyldige? Eller slenger forfattaren berre ut lause påstandar?
- Klarar forfattaren å gjera stoffet sitt forståeleg? Er det formidla på ein engasjerande måte?
📚 Bli kvitt skrivesperra
Å sitja framfor eit tomt dokument og prøva å formulera noko smart kan vera frykteleg vanskeleg. Kor skal ein liksom starta?
Det aller meste blir heldigvis lettare dersom du bryt det ned til mindre bitar. I staden for å tenkja ut heile bokmeldinga med ein gong, kan du skriva eit knippe setningar om eit konkret aspekt ved boka, som til dømes språket eller handlinga.
💡 Ting å skriva om i ei bokmelding
- Kva synest du om karakterane i boka? Er dei godt skildra?
- Kva med språket?
- Var plottet og handlinga godt komponert?
- Var boka original? Eller minte ho om noko du har lese tusen gongar før?
- Fekk ho deg til å tenkja? Blei kjenslene sette i sving?
- Kva gjorde inntrykk? Er det ei bok som er lett å gløyma eller ei du tenkjer på i lang tid?
Du bør ikkje berre seia kva som er bra og dårleg, men forklara kvifor. Grunngje meiningane dine og peik på årsaker til kvifor forfattaren lukkast eller ikkje.
💡 Hugs omsetjaren!
Viss du skriv om ei omsett bok, hugs å seia noko om omsetjinga.
Dersom du kan originalspråket, kan du samanlikna språket i originalen med omsetjinga. Er du samd i vala til omsetjaren? Elles er det uansett fint å seia noko om den norske språkdrakta og nemna omsetjaren. Flyt språket i omsetjinga godt?
Treng du inspirasjon? Her finn du alle bokmeldingane til Framtida.no!












