Mot kjøreretningen er ein roman om å gjere det som gjer ein sjølv glad, trass i kva andre kan meine.

Sigrid Forbord Hoseth
Publisert

«Skal jeg fortelle deg hvordan du skal leve? Mot kjøreretningen. Selv om du blir kvalm. Gå på. Mot strømmen. Ikke dra dit flertallet drar. Dra bare dit du har lyst, på egne betingelser, om de så er feilslåtte, daudfødte. Det viktigste er at de er dine.»

Mot kjøreretningen, med originaltittelen Tyłem do kierunku jazdy av den polske forfattaren Sylwia Chutnik, er ei fin historie om det å skilje seg ut i mengda, og å rett å slett ikkje passe inn, på godt og vondt.

Støttande bestemor

Forteljinga finn stad i Polen, og handlar i all hovudsak om Magda og hennar bestemor, som på kvar sin måte skil seg frå alle dei andre menneska dei omgåst. Magda er ei transkvinne, som godt merkar all problematikken ein kan oppleve som transperson i Polen. Ho slit både med å få aksept frå foreldra, og å ha ein økonomi som strekker til kjønnsbekreftande behandling.

Heldigvis har Magda ei bestemor som støttar ho både når det kjem til det eine og det andre. For også bestemor forstår korleis det er å gå sin eigen veg. Gjennom livet har ho gjort akkurat det ho sjølv har lyst til, og ikkje det som andre har forventa av ho, i alt frå å vere seksuelt frigjort, til å tene pengar på uventa måtar. Dette har resultert i ei fin leilegheit full av nips, lakka negler til ei kvar tid, pengar nok til å dekke barnebarnet sine operasjonar, og ei heil rekke forteljingar, som vert formidla til Magda.

Sterkt truverd

Mot kjøreretningen er ein roman om det å finne seg sjølv, og det å velje å gjere det som gjer ein sjølv glad, trass i kva andre kan meine om akkurat dette. For som bestemor viste Magda, så kjem ein langt med å gjere akkurat dette.

Romanen kan gi lesaren tru på seg sjølv som individ, og tru på det å fylgje sine eigne draumar og ynskje. I tillegg gjev boka eit godt innblikk i korleis det er å leve som «annleis» i eit land som Polen. Forfattarens polske opphav bidreg til eit sterkt truverd, med realistiske skildringar og drøftingar gjennom boka.

Samstundes ber romanen eit visst preg av å ha vorte oversett frå polsk. Nokre setningar og segment vert ikkje like godt litterært formulert, som eg antek at dei vert på originalspråket. Språket får rett og slett ikkje den flyten ein kanskje skulle ynskje seg i ein roman med eit så flott bodskap.

Bokomslag: Kagge

Forvirrande struktur

I tillegg ber romanen eit preg av at boka er delt i svært få kapittel, samstundes som at handlinga fylgjer forskjellige karakterar fortløpande. Dette gjer det til tider vanskeleg å fylgje med på handlinga, då ein for eksempel i éi setning kan lese noko om livet til Magda, mens ein i neste kan lese noko om livet til bestemora. Som lesar kan dette vere forvirrande og påverke det heilskaplege inntrykket ein får av boka, negativt.

Trass i dette er Mot kjøreretningen ein flott roman med eit flott bodskap. For det å gå imot køyreretninga, treng ikkje alltid å vere så dumt. Det kan faktisk gje deg utruleg mykje, deriblant meir livsglede. Så vil du også begynne å gå meir din eigen veg? Les Mot kjøreretningen som inspirasjon, og begynn å gjere meir som Magda og bestemor: Gje litt meir faen.