Eremittsommer – I glimt skriv Sverdrup-Thygeson musikk
Ein kan godt lese Anne Sverdrup-Thygeson sin roman Eremittsommer for å søkje skogens ro, men ver førebudd på mange uromoment.
Eg kan ikkje skrive denne omtalen nokon annan plass enn i skogen, og eg innser raskt at eg ikkje har same evne som forfattaren til å beskrive det eg ser, høyrer og luktar medan eg sit her med notatblokka mi på ein stubbe i Nordmarka.
Anne Sverdrup-Thygeson har skrive mange bøker om naturen, men ikkje på denne måten. Ho har skrive sakprosabøker. Dette er ein roman, sjølv om ho verkeleg har lurt inn mykje fakta. Mange har hatt høge forventningar. I den grad at han allereie er seld til 14 land.
«Eremittsommer»
Forfattar: Anne Sverdrup-Thygeson
Forlag: Kagge
Utgjeven: 3. juni
Sjanger: Roman
Karikert og truverdig
Hovudpersonen Eva har flammande raudt hår og eit brennande naturengasjement. Sverdrup-Thygeson lukkast i å skrive fram ei kvinne med fleire lag. Eit komplekst menneske med erfaringar, personlegdom og handlekraft som, trass all uklarleik, likevel framstår heil og truverdig. Det same kan seiast om syttiåringen Olga, som blir ein god ven for Eva.
Etter eit litt vel karikert førsteinntrykk, er det usedvanleg kort veg til fortrulegheit mellom dei. Det er noko vilt, barnsleg konkret og dramatisk ved relasjonen deira. Og dei har ein slåande effekt på kvarandre. Jern kvesser jern eller noko slikt. Dei finn saman om det dei har til felles: sorga, Tommelise, jorda og sinne. Så er det nokre små episke scener. Nokre augneblink av råskap som får meg til å smile.

Eg kan ikkje seie det var bokas tittel som fanga meg, men omslaget fortener eit par ord: Det er noko med den unge kvinna som står så støtt og kikkar nysgjerrig på den eldre kvinna på greina. Fargane, nyansane av blått og rosa er behageleg iaugefallande. Bokomslag: Kagge
Ein del av dei andre karakterane er ikkje framstilt like nyansert. «Så smalt bildøren igjen. Veronica Engene tråkket på gassen, og Audien forsvant i en støvsky». Ho er tydeleg ikkje ein helt i forteljinga.
Og verkar ikkje mennene litt forenkla? Her må dei berre leve med å vere bikarakterar. Dessutan får ikkje det erotiske nokon særleg plass i boka. Det er ikkje heilt fråverande, men ikkje så viktig – ikkje på den måten. Ein art skal førast vidare. Liv er eit gjennomgåande tema, men ikkje kva som skaper det.
Kva er historia?
I ei bok som denne, på over 400 sider og med så mange lag, vert det naturleg å spørje seg kva som er den eigentlege forteljinga. Er det den skjøre romantiske relasjonen mellom Eva og sambuaren? Det uvanlege venskapet mellom to sterke (og svake) kvinner? Eller kampen mot naturøydeleggingane? Som også tilsynelatande heng saman med den besette spel-liknande jakta på ein eremitt? Eller kva med bygdemysteriet og krigshistoria som ulmar?
Her er så mange element, og eg skjøner at ikkje alt kan gå bra. Slik eg les boka, er venskapet den berande forteljinga. Og eg konkluderer med at eg ikkje hadde trunge alle dei andre elementa. Eg får lyst til å seie til forfattaren at det held, det er spennande nok – ho har gjort nok.
Rytmar i naturen og språket
Enkelte parti er repeterande i innhald. Eva er i skogen, Eva er hos Olga, Eva er i skogen… du skjøner. Men det rike språket gjer det uproblematisk. Vi er aldri same plassen. Naturen har nokre lover, ein rytme om du vil. Det same har språket. «Freden var forstyrret. En likevekt forskjøvet», i glimt skriv Sverdrup-Thygeson musikk.
Til tider er romanen teknisk og vanskeleg å henge med på, men det varer aldri lenge før forfattaren lokkar meg inn igjen med meir allmennmenneskelege og gjenkjennelege tema. Boka er også full av bilete: ei mormor som er «lik ein saccosekk» og ein gamal mann som er «dratt nedover, mot jord og mold og opphør». Boka sitt språk og tema er på eit vis meir modent enn form og innhald.

Illustrasjonar Canva, bokomslag Kagge
Ekte engasjement
Vi veit at Sverdrup-Thygeson har ein agenda. Sjølv om det gripande naturengasjementet kan verke framand, verkar det ekte. Det kjem ein langt med. Det er noko med at vi alltid forheld oss til naturen, og noko med kor mykje det kostar å elske, både kvarandre og jorda.
Eg fell litt til ro. Boka gjev eit pusterom i form av ukjende skildringar av desse så kjende omgivnadane. Det lille er stort og viktig, til dømes ein eremitt. Enkelthendingar i enkeltmenneske sine liv er i det store bildet så små, men samstundes uhandgripeleg store for dei det gjeld.






