Gutar juksar mest
Nesten fem gangar så mange menn som kvinner har juksa på eksamen, viser ei ny norsk undersøking.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Medan berre to prosent av kvinnelege studentar seier dei har juksa på eksamen, svarar 9 prosent av gutane ja på same spørsmål.
Det kjem fram i ei ny undersøking utført av Sentio på vegne av studentavisa Universitas og Norsk studentorganisasjon (NSO).
LES OGSÅ: Frp-studentar mest villige til å jukse
Tilsaman 1001 studentar vart spurt om dei har juksa på eksamen. Juksesnittet for båe kjønn var på 4 prosent, men gutane skil seg altså ut som meir juksevillige.
– Kanskje kan forskjellen skuldast at mange menn er meir risikovillige enn kvinner, føresleg universitetslektor Unn Elisabet Rogg ved Senter for tverrfagleg kjønnsforsking til Universitas, som først omtala saka.
Universitetet i Oslo toppar lista over juksarar. Der svarar 6 prosent av dei 115 spurde studentane at dei har juksa. Ved Høgskulen i Oslo og Akershus er det same talet ein prosent.
LES OGSÅ: Flest utvist for juks på UiO