I bokhylla: Flu Hartberg blir sint av teikneseriar om at kaffi er godt
Flu Hartberg mislikar konforme og føreseielege teikneseriar. Og så er han blant særingane som elskar den fantasy-aktige vendinga i forfattarskapen til Knausgård.
– Eg har ein levande fantasi som måtte brukast til eit eller anna, skriv Flu Hartberg i ein e-post til Framtida.no og forklarar kvifor han blei teikneserieskapar og illustratør.
Hartberg står bak seriar som Fagprat og Miniminister og har laga fleire kritikarroste teikneserie-album, som fjorårets OsloLovers.
Framtida.no har snoka i bokhylla hans.
Flu Hartberg
Namn: Flu Hartberg (døypt Ole-Fridtjov)
Alder: 46
Frå: Biri, Nordberg og Bøler
Utdanning: Vidaregåande skule
Yrke: Illustratør og teikneserieskapar
Slukar bøker om The Beatles
Hartberg les aller helst bøker om musikk.
– Eg slukar det aller meste om The Beatles og Paul McCartney, men også bøker om band og artistar eg ikkje eigentleg er oppteken av.

Bokomslag: Flu Hartberg/Big Dipper
Sjølv har Hartberg gjeve ut barneboka Min første bok om Ozzy Osbourne, som kjem med slagordet «Slik snakkar du med barna dine om Black Sabbath».
– John and Paul: A Love Story in Songs av Ian Leslie er den beste boka eg har lese i år. Utruleg levande om The Beatles. Eg er jo ein Paul-fyr, men denne John byrjar søren meg å veksa på meg.
Bergtatt av Knausgård
– Kva bok skulle du ynskja du hadde skrive (eller teikna)?

Omslag: No Comprendo Press
– Jazzbasillen av Christopher Nielsen. Det er idealteikneserien for min del.
Favorittforfattaren er Karl Ove Knausgård. Hartberg synest at menneskeskildringane hjå han er heilt fenomenale.
– Det byrja med En tid for alt, som eg fekk i gåve frå ein ven. Evig takksam for den introduksjonen til Knausgård! Forfattarskapen hans endrar seg, og eg elskar at bøkene har blitt meir mystiske og skrekkfilm-aktige.
Blir sint av gnål om late menn
Bøker kan setja kjenslene til Hartberg i sving.
– Eg blir vel sint kvar gong eg prøver å lesa ei generisk teikneseriestripe som gnålar om at menn er late, kaffi er godt og elles dyrkar konformitet og det føreseielege.

Bokomslag: Gyldendal / Ecco Press / Forlaget Oktober
– Eg fekk ei tåre i auga nettopp då eg las biografien om musikaren Warren Zevon. Han var ein vriompeis med eit godt hjarte, som levde intenst, og laga fantastiske låter. Han tok det veldig tungt då han fekk ein dødeleg kreftdiagnose, men utnytta det likevel fullt ut, både kunstnarisk og marknadsføringsmessig.
Oppdaga alternative teikneseriar
I tenåra gjorde Pelle og Proffen-bøkene til Ingvar Ambjørnsen inntrykk på Hartberg. Ein anna favoritt var romanen Hvite niggere av den same Ambjørnsen.
– Tenåra var også då eg oppdaga alternative teikneseriar, noko som definerte resten av livsløpet mitt. Til dømes allereie nemnde Christopher Nielsen, i tillegg til The Fabulous Furry Freak Brothers, Hate av Peter Bagge, det norske bladet Fidus og seriane til Robert Crumb.
Som endå mindre unge, gjekk det i Anne-Cath. Vestly, Donald-blad, Lucky Luke og Asterix.

Ingvar Ambjørnsen var ein favoritt hjå Hartberg i ungdomsåra. | Foto: Jarvin / Wikimedia Commons / CC BY-SA 3.0
Teiknar heilsprø situasjonar i Sandefjord
– Kva forfattar eller teikneserieskapar – død eller levande – ville du invitert på middag?
– Charles M. Schulz, mannen bak Knøttene, kunne gjerne kome med kona. Ein litt kjedeleg fyr, så vidt eg har forstått, men som altså rommar heile Knøttene-universet og all den tilhøyrande humoren og filosofien. Trur han dessutan ville teke ein tidleg kveld, noko som eg kan setja pris på.

Flu Hartberg satsar på at Knøttene-skapar Charles M. Schulz tek ein tidleg kveld. | Foto: Roger Higgins / Offentleg eigedom
– Kan du røpa noko om di neste utgjeving?
– Eg teiknar Antikarbodillium, ein teikneserie for barn skrive av Aslak Guttormsgard. Det blir humor, action og heilsprø situasjonar i Sandefjord.






