Forbrukarrådet: Forbod mot smartbriller bør greiast ut

Styresmaktene bør greie ut eit forbod mot smartbriller, og brillebutikkane må ta sin del av ansvaret, meiner Forbrukarrådet.

NPK-NTB/Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

SV-leiar Kirsti Bergstø og KI-forskar Inga Strümke har tidlegare teke til orde for eit forbod mot KI-brillene frå Meta. Også Sosialistisk Ungdom har støtta forslaget.

Til Klassekampen seier fagdirektør Finn Myrstad i Forbrukarrådet at han ønskjer regjeringa på banen for å klargjere moglegheitene for betre regulering av teknologien.

Forbrukarrådet har tidlegare ønskt at regjeringa skal komme med eit nasjonalt forbod mot kommersiell ansiktsgjenkjenning.

Myrstad vil ha ein styrkt tilsynsstruktur for at vi lettare skal kunne ta stilling, til dømes når produkt som dette kjem på marknaden.

– Ikkje minst bør ein greie ut eit forbod mot både smartbrillene og denne typen ansiktsgjenkjenning snarast, seier han.

Myrstad meiner også brillebutikkane har eit tydeleg ansvar, sidan eit forbod kan ta lang tid å få på plass.

– På same måte som vi forventar at ein leiketøysbutikk ikkje sel utrygge produkt til barn, har brillebutikkane openbert eit ansvar her, seier fagdirektøren.