Humlene i Oslo får eigen autostrada

No skal humla få suse på nye vegar i hovudstaden. Med hjelp frå Oslo-folk skal det bli bygd ein såkalla Pollinatorpassasje – den første i sitt slag i verda.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Humlene får eigen autostrada

Passasjen, som skal gå frå Sognsvann i vest til Nøklevann i aust, er eit samarbeidsprosjekt mellom birøktarlaget ByBi, Hageselskapet og Miljødirektoratet. Fredag morgon, som også var verdas biomangfolddag, opna klima- og miljøminister Tine Sundtoft gata frå taket av ein bygard på Grünerløkka.

– Tanken er å få til ei gate gjennom byen med nok matstasjonar for humlene heile vegen, seier Tonje Waaktaar Gamst i Hageselskapet til NTB.

Ideelt sett bør det liggje ein matstasjon for kvar 250. meter for at humlene og andre pollinerande insekt skal få i seg nok næring på ferda si gjennom byen.

Dugnad
Men i asfaltjungelen i Oslo er det i dag vanskeleg å finne nok mat. Elegante eviggrøne busker og kortklipte plenar byr på lite snadder for dei summande venene våre. Derimot elskar dei som kjent fargerike blomster, og aller helst dei som er drypande fulle av nektar og blomsterhonning.

– Nok næring vil også gjere humlene i stand til å tole menneskeskapte miljøpåkjenningar betre, seier Gamst.

No blir folk oppfordra til å plante humlevennlege blomster i balkongkasser og takhagar.

– Prosjektet er tenkt som ein dugnad, mellom byfolk, fagfolk, bydelar, bedrifter og organisasjonar. Vi inviterer til eit samarbeid for å finne gode tiltak for pollinatorene våre, seier koordinator Agnes Lycke Melvær i ByBi.

App og insekthotell
Den som kan, blir i tillegg oppfordra til å snikre humlekasser og lage insekthotell.

– Nokre bieartar likar å bu på einerom. Dei treng små krypinn, for eksempel i sprekkane i ein gammal trestamme. Det er superviktig å ha litt død ved liggjande, seier Melvær.

Ein egen app blei også lansert fredag. Der kan folk ta bilete av bidraga sine og laste opp på det som etter kvart skal bli eit digitalt kart over passasjen.

Trua
Dei siste åra har situasjonen for pollinerande insekt som humler og bier blitt stadig meir kritisk, og internasjonalt har alarmen gått for lengst. Utan varsel har stadig fleire bikolonier kollapset, og bikubar og humlebol er blitt forlatne i ein så stor skala at det truer både matproduksjon og miljøet.

Humler og bier står for om lag ein tredel av matproduksjonen i verda gjennom nødvendig bestøving av planter, eller nesten 10 prosent av den samla verdien.

Noreg har ikkje vore så hardt råka som for eksempel USA. Men også her er dei pollensamlende insekta under press. Av dei 35 humleartene i Noreg er seks i ferd med å døy ut. Ein tredel av dei 206 bieartane som er registrert her til lands, er oppført som trua i Norsk Rødliste, og 12 arter kan vere forsvunne for godt. (©NPK)

Faktaboks

* Slekt av sosiale insekt i familien humler og bier.
* Dei har robust, tjukk, tett håret kropp, som oftast med kvite, gule eller raude band på bryst og bakkropp.
* Humler er svært nyttige til pollinering av blomar på mange kulturvekstar. Særleg har dei stor meining for frøsetninga hos raudkløver, fordi dei fleste artar har så lang tunge at dei kan nå ned gjennom kronrøret til blomen, mens det berre er enkelte rasar av honningbia som kan klare dette.
* Humler høyrer heime i den tempererte sone. Av dei rundt 200 kjende artane høyrer 26 til Noregs fauna. Blant dei alminnelege er hagehumle, steinhumle, jordhumle og åkerhumle.

(Kjelder: Store norske leksikon)