Prinsen i Liechtenstein vil blokkere abortrettar
Liechtenstein kan stemme over abortrettar i haust, men monarken kan sette ein stoppar for lovendringa.
Eit innbyggarinitiativ i Liechtenstein samlar støtte til å innføre abortrettar i landet fram til veke tolv. Dersom forslaget får nok signaturar, kan det leggast fram til folkerøysting i november.
Liechtenstein har i dag ei av dei strengaste anti-abort-lovene i Europa. Abort er ulovleg, og legar har ikkje lov til å informere gravide kvinner om abort. Sidan 2015 har det derimot vore lovleg å reise ut av landet for å ta abort.
Innbyggarforslaget har fått ein mektig motstandar: sjølvaste kronprins Alois. Kongehuset har vetorett, sist brukt på 60-talet. Men no har kronprinsen varsla at han, som fungerande monark, vil slå ned abortforslaget dersom det får fleirtal. Det skriv den sveitsiske kringkastaren Blue News.
Eit liknande abortforslag vart behandla i 2011. Også då varsla prinsen at han ville bruke vetoretten til å nekte å innføre abortrettar.
– Eit høve til å revurdere
Sjølve vetoretten til prinsen var oppe til debatt i 2012. Eit initiativ for å fjerne vetoretten til prinsen vart stemt ned med rundt 70 prosent av røystene.
Komiteen bak abort-initiativet skuldar prinsen for å gripe inn i det offentlege ordskiftet ved å kunngjere vetoet sitt på førehand, og dermed gjere det klart allereie no at forslaget ikkje vil gå gjennom.
– Folket i Liechtenstein bør få høve til å uttrykke synspunktet sitt i denne saka. Og dersom fleirtalet skulle røyste for, kan dette vere eit høve til å revurdere eksisterande standpunkt, skriv initiativtakarane på nettsida si.
Pragmatiske og vrange monarkar
Det er ikkje første gong eit europeisk kongehus blandar seg i abortdebatten i landet sitt. Då Belgia innførte abortrettar i 1990, abdiserte kong Baudouin frå trona i tre dagar for å sleppe å signere den nye lova imot sitt eige samvit.
I fjor nekta prins Albert II i Monaco å signere ei ny lov for å legalisere abort, og blokkerte dermed lova frå å tre i kraft.






