Reagerer på asylgrep frå EU: – Byggjer på rasistisk tankegods
EU opnar for at medlemsland kan ha asylmottak utanfor Europa. Norsk Folkehjelp Solidaritetsungdom sin leiar meiner utviklinga av asylpolitikken er brutal.
– Eg meiner dette ikkje er ein human asylpolitikk. Det er ei brutal utvikling, og det byggjer på rasistisk tankegods.
Det skriv Sarah Taif, leiar i Norsk Folkehjelp Solidaritetsungdom, i ei melding til Framtida.
Onsdag gjekk EU-parlamentet inn for å endre reglane for innvandring til EU. Det nye regelverket skal auke deportasjonar, og inkluderer ei lov som vil gjere det mogleg for medlemsland å opprette asylmottak og retursenter i land utanfor EU, ifølgje Reuters.
Det meiner Taif er ei alvorleg utvikling som ikkje tek omsyn til rettane til dei på flukt.
– Det blir snakka som om vi som allereie bur i Europa fortener tryggleik meir enn andre.
Noreg ser på moglegheita
Dei nye reguleringane vart vedtekne kort tid etter ei ny «pakt for migrasjon og asyl» tredde i kraft 12. juni.
Dette er ei pakt som Noreg er ein del av, sidan vi er med i Schengen-samarbeidet, og betyr blant anna strengare screeningprosessar, meir omfattande databasar for asylsøkarar på tvers av Europa, og klarare reglar rundt kva land som skal behandle ein asylsøknad.
– Regelverket gir Noreg og Europa nye og betre verkemiddel for å kunne handtere og ha kontroll på migrasjon. Det tydeleggjer ansvarsforholdet mellom statane, sikrar betre registrering av asylsøkarar og gir eigne verkemiddel i krisesituasjonar, seier justis- og beredskapsminister Astri Aas-Hansen (Ap) i ei pressemelding frå regjeringa.
I desember signaliserte regjeringa at dei vurderte asylmottak i utlandet.
No skal Noreg leie ei nordisk gruppe som ser på moglegheita for å opprette asylmottak utanfor Europa, ifølgje Nettavisen.
Skummelt å sjå på
Taif blir skremd av normaliseringa som har skjedd på kort tid.
– Då Trump i 2016 snakka om å byggje ein mur, reagerte mange sterkt. No sit vi her ti år seinare og byggjer den same muren i Europa, berre gjennom regelverk, avtalar og system, skriv ho.
Ho meiner ytre høgre-politikarane som ropte «send dei tilbake» etter avstemminga illustrerer kva haldningar som ligg bak.
– Det at ein kan juble etter eit slikt vedtak er for meg heilt sjukt. Korleis ytre høgre får gjennomslag heilt øvst i europeisk politikk er skummelt å sjå på.
Avtaler med land utanfor Europa
Korleis asyl- og retursenter i tredjeland vil fungere er ikkje klart enno.
I 2022 prøvde Storbritannia å sende asylsøkarar til Rwanda. Planen var at dei som fekk innvilga opphaldsløyve skulle bu i Rwanda, og ikkje i Storbritannia, og det vart ansvaret til Rwanda å returnere dei som ikkje fekk opphald til heimlandet deira.
Denne avtala vart stoppa i 2023 fordi Rwanda ikkje vart rekna som eit trygt tredjeland av fleire domstolar.
Likevel slo dåverande britiske statsminister Rishi Sunak fast at rettsvesenet hadde stadfesta at det i prinsippet er lovleg å sende ulovlege migrantar til tredjeland. Avtala vart fullstendig avvikla ved regjeringsskiftet i 2024, og i starten av juni vart det slått fast at Storbitannia ikkje trengde å betale meir pengar til Rwanda, ifølgje BBC.
Frå 2024 har Mauritania ei avtale med EU om å stoppe migrasjon til dei spanske Kanariøyane, med ei støtte på 210 millionar euro.
Ifølgje ein 2025-rapport frå Human Rights Watch har avtalen ført til massearrestasjonar, vald og deportasjon, også av personar med status som flyktning.
Flytta vekk frå offentlegheita
Taif understrekar at vi ikkje kan lage politikk basert på idear som «ute av syne, ute av sinn».
– Når ansvaret blir flytta ut av Europa, blir også menneska flytta lenger vekk frå offentlegheita og frå dei rettane som skulle verne dei, skriv ho.
Ho meiner vi treng ein politikk som baserer seg på rettstryggleik, solidaritet, og at vi er medmenneske.
– Medmenneskelegdom er ikkje naivt. Det er heilt nødvendig motstandskraft i ei tid der autoritære og polariserande krefter vinn fram. Vi kan ikkje la ytre høgre teikne grensene for medmenneskelegdom.









