Fifa snur etter språkkritikk

Det blir spanskspråkleg tolking på pressekonferansane i VM framover.

Åshild Slåen
Publisert

I år er det tre vertsnasjonar for  fotball-VM for menn: USA, Canada og Mexico. I det sistnemnde landet pratar dei fleste spansk.

Trass i dette har ikkje spansk blitt tolka på pressekonferansane med mindre laga som spelte bad om det.

På kampen mellom Marokko og Brasil natt til søndag vart det tolka portugisisk, arabisk og engelsk.

Etter pressekonferansen gjekk ein video av den spanskfødde marokkanske spelaren Achraf Hakimi viralt, ifølgje Sporting News.

Då ein journalist stilte Hakimi eit spørsmål på spansk, fekk han beskjed om å stille det på engelsk av ein Fifa-representant. Sjølv etter Hakimi sa han kunne svare på spansk, vart dei bedne om å ta det på engelsk av omsyn til tolking.

Fifa fekk kritikk for måten dei handterte tolking av språk, og videoen er sett over 2,7 millionar gonger på nettstaden X.

Måndag snudde Fifa, og det skal vere tolkar for spansk tilgjengeleg på pressekonferansane framover.