SV etterlyser krafttak mot valdtekt

SU-leiar Audun Hammer Hovda ventar utolmodig på at regjeringa tar oppgjer med valdtekt.

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

Éi av fem kvinner opplever valdtekt i løpet av livet, og det er nok store mørketal for menn. Det er eit alvorleg og utbreidd problem som det hastar å få gjort noko med, seier Audun Hammer Hovda i Sosialistisk Ungdom.

Stortingsrepresentantar for SV har føreslått ti tiltak for å førebygge og bekjempe valdtekt. Hovda, som er vararepresentant for Buskerud, seier til Framtida at partiet er utolmodige på vegner av dei som opplever valdtekt.

I 2024 kom ein rapport frå valdtektsutvalet, som mellom anna slo fast at valdtekt er eit underkommunisert folkehelseproblem, at styresmaktene gjer for lite for å førebygge valdtekt, og at etterforsking ikkje vert prioritert nok av politiet. SV etterlyser no ei oppfølging av denne.

Høg terskel for å melde

Hovda meiner det openbert er manglar med lovene og strukturane for korleis samfunnet bekjempar valdtekt. Han meiner det krevst tiltak både på lovsida, i etterforskinga og i domstolane.

– Sjølv om det er mange tilfelle av valdtekt, er det mange færre som politimelder valdtekt. Av dei som melder, er det veldig mange saker som vert lagde vekk. Og viss dei kjem til retten, er det veldig sjeldan at det blir konsekvensar, fordi det er vanskeleg å bevise.

Ifølge ein rapport frå Riksadvokaten vart 1513 valdtekter melde til politiet i 2024. Saksbehandlinga tok i snitt 166 dagar. 1131 av sakene vart lagde bort. 74 prosent av sakene vart ikkje oppklarte. I 128 saker vart det teke ut tiltale. 87 gjerningspersonar vart dømde.  

Hovda slår fast at det skal vere høg terskel for å bli dømd for så alvorlege lovbrot.

– Men det er mykje som gjer terskelen for å melde høg. Eg håpar vi kan få betre etterforskingsprosessar som gjer at fleire av dei reelle tilfella av valdtekt får konsekvensar, seier han.

Faktaboks: 10 tiltak

Dette er tiltaka SV har føreslått i Stortinget. Forslaget vart stemt ned i justiskomitéen.

  • Haldningskampanjar og seksualitetsundervising med fokus på samtykke, grenser og seksuell vald.
  • Tydeleggjere føresegna om plikt til å avverje i straffelova.
  • Kompetanseløft i det offentlege tenesteapparatet.
  • Styrke utdanningstilbodet til helse- og omsorgspersonell.
  • Etablere ei støttekoordinatorordning.
  • Gi politi- og påtalestyresmaktene kompetansen dei treng for å sikre god implementering av den nye samtykkelova.
  • Eigne seksjonar for etterforsking og påtale av valdtektssaker i alle politidistrikt.
  • Eigne vente- og avhøyrsrom for fornærma i valdtektssaker, og betre rutinar og retningsliner for å vareta og orientere fornærma under etterforskinga.
  • Sikre at alle fornærma blir informerte om retten til bistandsadvokat.
  • Undersøke korleis valdtektssaker vert behandla i rettsapparatet.

Vil ha samla oppfølging

I ein uttale til justiskomitéen skriv justis- og beredskapsminister Astri Aas-Hansen (Ap) at fleire av forslaga til valdtektsutvalet er følgde opp allereie, mellom anna i ein plan mot valdtekt frå 2024.

Denne opptrappingsplanen mot vald og overgrep omfattar mellom anna eit etterforskingsløft, endring av straffelova, kompetansehevande tiltak og meir forsking.

Ho understrekar at den nye samtykkelova er ein «milepæl» i arbeidet mot valdtekt.

– Det er viktig for regjeringa at den nye lova gir folk ei klar og god forståing av at «berre ja betyr ja», skriv ho.

Ho opplyser også om at Forskingsrådet har gitt pengar til forskingsprosjektet «Sorting out rape» ved Universitetet i Oslo, som mellom anna skal sjå på avgjerdene politiet tar i valdtektssaker.

Aas-Hansen meiner likevel det kan vere behov for ei meir samla oppfølging av forslaga til valdtektsutvalet i ein heilskapleg plan, og skriv at ho vil komme tilbake til dette på eit seinare tidspunkt.

Justis- og beredskapsminister Astri Aas-Hansen. | Foto: Kunnskapsdepartementet/Martin Siewartz Nielsen

SU-leiaren har store forventingar til ei slik samla oppfølging.

– Vi får sjå kva dei kjem tilbake med. Astrid Aas Hansen har vore god på feltet samanlikna med mange tidlegare ministrar, men vi er utolmodige for politisk endring. Om det ikkje kjem noko på ei stund, må vi kanskje purre igjen, seier han.

Meir pengar til politiet

Hovda meiner behandlingstid av politimeldingar er særleg viktig. Han trur det er mykje verre å få beskjed om at saka di er lagd bort etter eit år, enn etter ein månad. Då krevst det mellom anna fleire ressursar til politiet, så vel som betre samhandling mellom politiet og til dømes barnevern, psykologiske tenester eller skulehelsetenesta, i tilfelle der mindreårige er involverte.

– Vert ikkje fornærma ivaretekne godt nok i rettssystemet?

– Eg trur det er mange som ikkje opplever det. Det er veldig mykje som tar lang tid, og det er vanskeleg å sikre bevis. Mange brukar fleire år på å finne ut at dei vil melde saka til politiet, og når dei endeleg har samla motet, opplever dei at prosessen er vanskeleg og drar ut, seier han.

SU-leiaren trur mange kjenner nokon som har slike historier.

– På sikt trur eg det gjer det vanskelegare for fleire å melde, seier han.

Hovda understrekar at alle som opplever lovbrot, bør melde til politiet.

– Det er ikkje nyttelaust. Det er også veldig bra å samle informasjon og statistikk om politimeldingar. Det gjer det lettare for politiet å samle ressursar når ein veit omfanget.

Ny lov

I fjor vart den nye samtykkelova innført. Den nye lova inneber at sex utan samtykke kan dømmast som valdtekt. Etter den førre lova måtte det bevisast at det var brukt makt, eller at offeret var medvitslaust eller ute av stand til å motsette seg.

Hovda vonar at den nye lova vil gjere det lettare for fleire å politimelde.

– Det er framleis stor spenning knytt til korleis samtykkelova vert implementert. Det er litt tregleik i systemet rundt å skjøne korleis vi skal tolke lova i praksis, seier han.

Sjølv med ny lov trur Hovda mange vil vegre seg for å melde.

– Det er også fordi eit overvegande fleirtal av valdtektssaker er mellom folk i nære relasjonar – familie og vener. Det gjer at desse sakene er ømme på mange måtar, med mange dimensjonar. Men det vi kan legge til rette for, er at det skal opplevast trygt når ein først tar steget, seier han.

Grip ikkje inn i rettssalen

Tidlegare i vår skreiv Framtida om såkalla valdtektsmytar – påstandar og gravande spørsmål som valdtektsoffer vert møtte med når dei snakkar ut om opplevingane sine. Det kan til dømes skje i ein rettssal, der forsvaret si oppgåve er å bryte ned vitnemålet og diskreditere den fornærma.

Hovda meiner det viktig at politikken har jussen på ei armlengdes avstand, og ikkje blandar seg inn i kva som skjer i rettssalen.

– Vi lagar lover, og rettsvesenet følger opp. Men viss ein opplever at lovane legg opp til slikt, så kan vi sjå på det. Eg trur vi har kome langt på veg med samtykkelova, seier han.

Skeptisk til forslag

I saka om valdtektsmytar, la lege og overlevande Sara Heiervang, fram eit forslag om eigne rettssalar som berre behandlar valdtektssaker, med dommarar og sakkunnige som har betre fagkunnskap, som kan identifisere og slå ned på bruken av valdtektsmytar.

Dette er ikkje eit tema SV eller SU har drøfta, men Hovda er i utgangspunktet skeptisk til ei slik løysing.

– Eg reknar med at det vil vere veldig sentraliserande. Vi har ressursar til noko slikt i Oslo, men valdtektssaker skjer over alt. Eg synest det er greitt å behalde strukturen vi har for straffesaker, seier han.