Ferjefri E39 mellom Stord og Os på høyring
Planane Statens vegvesen har for ferjefri E39 mellom Stord og Os, som inneheld ulike traséalternativ, skal no ut på høyring.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
E39-strekke på høyring
– Ferjefri E39 er eitt av dei store samferdselsprosjekta til regjeringa og kjem til å gi eit viktig løft for konkurranseutsett næringsliv, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H).
Han sa måndag ja til at Statens vegvesen kan sende ut planane for strekninga på høyring. Forslaget inneheld fleire alternative traséval, i tillegg til tilrådinga frå Vegvesenet til kva alternativ som bør greiast ut vidare.
Berørte kommunar kan kome med innspel til trasévalet.
– Dette er eit stort og viktig prosjekt som gjeld fleire kommunar, seier Sanner. (©NPK)
LES OGSÅ: – Ferjefri E39 må skrinleggast