Den nye storfilmen til Steven Spielberg er underhaldande, men skuffande.
Sjølv om eg likte musikalnyinnspelinga «West Side Story» og var skikkeleg begeistra for «The Fabelmans», er det noko spesielt i lufta kvar gong Steven Spielberg får tid og pengar til å lage ein skikkeleg storfilm med eit overnaturleg glimt i auget.
«Disclosure Day»
Regi: Steven Spielberg
Lengd: 2 time 25 min
Premiere: 10. juni 2026
Aldersgrense: 9 år
Sjanger: Sci-fi, action
Det er derfor ikkje med særleg glede å melde at eg gjekk ut etter «Disclosure Day» med ei kjensle av forvirring – ikkje fordi filmen i seg sjølv er vanskeleg å forstå, men fordi eg ikkje skjønar kvifor han enda opp som dette.
Datageniet Daniel (Josh O’Connor) har stukke av med topphemmeleg informasjon frå arbeidsgivaren sin, og dei vil stoppe han med kva enn kraft det krev. Vêrmeldaren Margaret (Emily Blunt) er alltid rastlaust på leit etter kva ho vil med livet sitt, men får meir enn ho håpa på etter eit mystisk møte med ein fugl.
Dagen for avsløringa ventar, om dei rekk fram.
Hard verd
Sjølv om starten legg seg ganske tett opp til det ein kan forvente av ein konspirasjonsthriller, tek «Disclosure Day» raskt vegen inn i sci-fi-sjangeren på ein særdeles snål og sentimental måte. Nettopp her ligg både dei verste og beste sidene av ein film som eg slit med å setje ord på.
«Disclosure Day» finn stad i ei verd ikkje så ulik vår eiga, men prega av pressande internasjonale konfliktar. Tredje verdskrig ser ut som ei reell moglegheit, og effekten informasjonen Daniel sit på vil ha på omverda, er ei grunnleggande kjelde til spenning. Filmen sitt forsøk på å flette inn religion blant dei mange toegga sverda til stades, er like interessant i konsept som det er kleint i utføring.
For det er nett dei elementa som eg synest gjer «Disclosure Day» teit, som også sjarmerer meg. Spesielt Margaret si fisk-ut-av-vatn oppleving blir til ein straum av komisk bisarre handlingar, spissa av fortvilinga til den litt stakkarslege kjærasten Jackson (Wyatt Russell).
Trøbbel med tonen
Alvoret sit betrakteleg dårlegare for meg.
Medan musikken veks og handlinga når sluttpunktet, veit eg ikkje om eg skal le eller gråte. Det er definitivt augeblikk her med god effekt, med genuine vittigheitar og interessante idear, men eg kjøpte aldri heilskapen. Sjølv eit imponerande skodespelargalleri slit med å blåse liv inn i desse karakterane.
Eg kan i det minste seie at eg ikkje kjeda meg.
Mytologien filmen etablerer er så langt ute og vagt forklart at han blir banal. Samtidig ligg det ein optimisme i det heile: Dette er ein film som verkeleg ønskjer å tru på det gode i menneske, og på sanninga som samlepunkt.
På den eine sida er det sjarmerande, men frå ein vaksen mann som Spielberg, med fleire krigsfilmar under beltet, er delar av visjonen presentert på eit så naivt vis at eg blir litt irritert. «Disclosure Day» kjennest som ein forvaksen barnefilm der det fantastiske og underfundige krasjar med dødeleg alvor.
Av og til er det nesten magisk, men for ofte blir det berre kleint.
Blir for dumt
Filmen har, med musikk av John Williams og spektakulære actionsekvensar, definitivt ein god del storfilmappell, men det er ofte eg berre blei sittande der og tenkje over kor absurde eg synest mange av vala tatt her er. Det er ikkje slik at eg ikkje likar rar film, men «Disclosure Day» er rar på ein måte som tek meg heilt ut av opplevinga.
Samtidig er handlingsforløpet i for stor grad avhengig av dårlege val og uforsiktigheit, som ikkje hadde vore eit så utprega problem om filmen ikkje handla om hemmelegheiter og dei som held dei.
Det blir heilt enkelt for dumt.
Eg kan ikkje seie at eg ikkje koste meg med «Disclosure Day» på sitt eige vis, men det er ikkje ein film eg ville anbefalt over mykje av det andre som fyller kinolerreta desse dagane.
Frå eit av dei største ikona i Hollywood er det for dårleg.
Terningkast: 3










